Sjønakletten (04.11.2023)


Characteristic Hillwalk
Duration 1h 00min
Distance 3.2km
Vertical meters 292m
GPS
Ascents Sjønakletten (321m) 04.11.2023 12:35

Køyrte ut etter smal veg til skilt Sjønakletten. Heldt fram til eg fekk snu ved ei avkjøyrsle mot ein eigedom. Parkerte på grasfelt ved møteplass ca. 200 meter vest om sti-start. Fin sti i tett barskog oppover. Jamn stigning og fint å gå. Ut or skogen passerte eg like ved fundamenta til ei fjordkryssande kraftlinje. Artig grønnfarge på mastene. Ikkje vakkert, men det må sikkert til. Veldig flott utsikt mot Blægja like før toppen. På toppen sat ei eldre kvinne som hadde gått opp frå andre sida. Vi hadde ein god prat. Turen ho brukte 30 min på for to år sidan, tok no 3 timar grunna sjukdom. Respekt til dei som står på og kjem seg ut på tur på trass av motgang. På returen nedatt, flott utsikt mot havet.

Bjægja
Bjægja

Rute utan flystriper, samt mine treningsdata for turen:
https://flow.polar.com/training/analysis/7758768205

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.