Tylderingen (25.10.2023)


Characteristic Hillwalk
Duration 2h 53min
Distance 8.5km
Vertical meters 720m
GPS
Ascents Tylderingen (1,104m) 25.10.2023 14:24
Visits of other PBEs Stepin (741m) 25.10.2023 13:18

Siste av tre feriedagar. Då blei det ny topptur. Merka rute frå Kleiv i Sogndalsdalen. Tilråda å parkere ved Hodlekvebrui. Sannsynlegvis ved dei blå kontainerane. Ein finn eit par stader litt nærare og. Men ikkje blokker vegar til hyttene. Grei fin sti opp i terrenget her. Brattar til oppover. Litt under og forbi stølen Stepin, eit noko flatere parti. Is og snø frå ca. 800 moh. Måtte trø utanom is-parti her og der. Nærare skaret før fjellryggen gjorde snøen seg meir gjeldande. Bratte kneikar fyrst opp mot ryggen. Valde den ruta opp då eg ikkje var kjend, og ryggar normalt er mindre utsett for djupare snø-parti. Fin rute, men ein del gjennomtrakk måtte påreknast. Kunne med fordel hatt med truger og stavar til deler av turen. Men ingen store problem. Snart opna det seg flotte utsyn, som mot Hafslovatnet, og Dalavatnet. Oppå fyrste «fortopp» ein knapp km før toppen, dreia eg meir i retning mot merka sti, og følgde den til varden og toppen Tylderingen. Her vart det to skjever, og litt fotografering. Veldig flott utsikt frå denne toppen. Alt to som hadde skrive seg i boka, og den tredje kom rett før eg returnerte. Dei andre hadde gått frå andre sida av fjellryggen. Fin tur nedatt, med flott utsikt frå langs med kanten av fjellryggen. 1:35 opp og knapt timen igangtid nedatt. Nydeleg sol, og lite vind på turen i dag.

Stepin
Stepin
Berga under Tylderingen
Berga under Tylderingen
Nærmar meg ryggen på fjellet
Nærmar meg ryggen på fjellet
Mot Hafslo
Mot Hafslo
Dalavatnet
Dalavatnet
Sola varmar oppå fjellet
Sola varmar oppå fjellet
Mot Hodlekve
Mot Hodlekve
Flott utsikt frå toppen
Flott utsikt frå toppen
Flotte fjell over Sogndalsdalen
Flotte fjell over Sogndalsdalen
Hafslovatnet og Hurrungane
Hafslovatnet og Hurrungane
Toppar over Hodlekve
Toppar over Hodlekve
Mot Bleia
Mot Bleia
Frå  stølen Stepin på returen.
Frå stølen Stepin på returen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.