Hanekammen (22.10.2023)


Characteristic Hillwalk
Duration 2h 17min
Distance 5.4km
Vertical meters 650m
GPS
Ascents Hanekammen (652m) 22.10.2023 11:52
Visits of other PBEs Morteneset p-lomme (40m) 22.10.2023 10:28

Undra meg litt om ruteval i dag, men enda på ryggen som start. Og kva side av neset ? Inpiserte begge, og valde sør for, sjølv om stipla sti var nord for berget. Tok rett opp grasbakkane, og det vart bratt på slutten i fyrste oppsteget. Nokre fot-trinn, men måtte bruke hendene til sist. Kom opp på eit platå, mot nokre berg, og der stod ein pinne som markør. Passerte eit par pinnar til. Vidare opp ryggen kan ein gå ulikt, men eg følgte mest trakk til eg tangerte stien som går frå byggefeltet, ca. 220 moh. Herifrå fin sti til toppen. Nokre klyve-kneikar innimellom. Fjellet var lettare å bestige enn ein fekk inntrykk av, på litt avstand. Måtte passe meg for litt is på stien innimellom. Svær fin utsikt stadig, og i alle retninger. Toppa etter 1:23, då det gikk svær seint i kloringa ved oppstart. Ser i ettertid at eg kunne ha byrja nærere siloane. Artig kor stien snoa seg opp siste høgda mot topp-kruna. Der møtte meg eit platå med varde og postkasse. Flott utsikt i alle retningar. Veldig fint å gå nedatt med vakker natur å kvile augene på. Ved ei flate etter vatnet, var det eit parti der eg gikk ein annan sti enn opp. I stikrysset valde eg ruta ned til byggefeltet. Både grunna nysgjerrighet, plassering av bil, og faktum lite sti og attgrodd mot neset. Stien til byggefeltet var mykje brukt og fin-fin. Vel nede i gata observerte eg at turstart ikkje var merkt. Men ein går mellom to hus med postkasse-stativ på det eine. Morro tur denne.

Hanekammen til venstre. Måløybrua og Hornelen til høgre.
Hanekammen til venstre. Måløybrua og Hornelen til høgre.
Bratt i starten
Bratt i starten
Flott utsikt mot Måløy
Flott utsikt mot Måløy
Fyrste glimt av toppkruna
Fyrste glimt av toppkruna
Fint lys mot sørvest
Fint lys mot sørvest
Mot Skolmen. Må dit ei anna gong.
Mot Skolmen. Må dit ei anna gong.
Mot Hornelen og flotte fjell i Bremanger.
Mot Hornelen og flotte fjell i Bremanger.
Toppen nådd.
Toppen nådd.
Utsikt mot Måløy på retur
Utsikt mot Måløy på retur
Tilbakeblikk mot toppen på retur.
Tilbakeblikk mot toppen på retur.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.