Veten på Vågsøy m.fl. (21.10.2023)


Duration 3h 06min
Distance 8.5km
Vertical meters 740m
GPS
Ascents Veten på Vågsøy (613m) 21.10.2023 15:20
Brurahornet (604m) 21.10.2023 16:03
Gottrøysa (556m) 21.10.2023 16:18
Visits of other PBEs Skramsvatnet p-plass (152m) 21.10.2023 14:00

Køyrde med bubilen til parkeringa ved ein barnehage. Såg då vi kom nedatt at det var eit flatere parkeringsareal 50 meter lenger ned/bort. Der overnatta vi etterpå. Ikkje lov å køyre opp til vassverket ! Fint turområde, med fleire ruter skilta. Marita og meg følgde mot Veten. Traff på tidlegare kollega Hilde, med mannen Vidar, borti skogen. Kjekt. Grei sti, litt frose i bakken og fint å gå. Nokre kneiker. Ut av skogen, og lettare terreng i sti som snodde seg fint til topps. Stor varde og nydeleg utsikt frå toppen. Marita returnerte same, medan eg følgde ryggen vidare mot
Brurahornet Vesttoppen. Svert fint å gå ned frå Veten, og ha havet i venstre auga. Litt is nedst mot skaret. Isparti fleire stader i dag, men som ein kunne gå utanom. Følgde sti heil ut på Brurahornet Vesttoppen. Flott utsikt og varde også her. På retur tok eg også med med Brurahornet med utsikt til byen. Også kalla Gottrøysa. Retur på sti, men obs på stikryss på retur, om du har gått opp ein annan stad. For å komme ned der eg gikk mot støypt vatn-veit, var det sving motsett frå hovudsti. Ein liten pinne med raudt gjorde meg merksam. Bratt men greitt rett ned her. Gikk litt i og på kanten av støypt veit. Alt etter isinga i veita. Så tangering av stikryss til Veten, og nedatt.

Veten
Veten
Veten
Veten
Brurahornet
Brurahornet
Brurahornet
Brurahornet
X
X
Y
Y
Utsikt frå Gottrøysa
Utsikt frå Gottrøysa

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.