Topptur-runde høgt i Hemsedal (01.10.2023)


Characteristic Hillwalk
Duration 5h 00min
Distance 13.6km
Vertical meters 1,278m
GPS
Ascents Skurvefjellet (1,739m) 01.10.2023 12:03
Bjørnbakknøse (1,705m) 01.10.2023 12:48
Grunnane Vest (1,661m) 01.10.2023 13:30
Grunnane (1,668m) 01.10.2023 13:41
Nibbi Nord (1,733m) 01.10.2023 13:58
Nibbi (1,741m) 01.10.2023 14:17
Visits of other PBEs Fetjane parkeringslomme (910m) 01.10.2023 10:06
Fetjaåne bru (920m) 01.10.2023 10:08
Løkjestølane vinterparkering (935m) 01.10.2023 15:07

I dag vart det både bratt, goldt, nydeleg og flott. Det vart også ein omfattande rapport. Forklaring til kva ein ser på alle bileta. Parkerte ved Fetjane. Marita vart att i bubilen, og skulle møte meg seinare ved Løkjestølane. Fyrst inn ca. 2 km på ruta mot Såta, der eg var i går. Ved vatnet, var det fyrst å følgje sti så langt som råd. Så blir det steinete. Det skal gå å følgje ryggen heilt opp. Eg var inne på ryggen i eit naturleg drag, for så å gå innatt i renna. Den var til dels svært laus. Det blei litt att og fram, og freiste å trø på større steinar. Opp her var det bratt og det gikk seint. Oppe flata det heilt ut, for så å stige varsomt opp mot varden på Skurvefjellet, knapt 2 timar etter start. På nordsida av toppen var det rima, og litt glatt på steinane. Var forsiktig. Litt etter passering av haug 1648 sjekka eg avstand til Bjørnbakknøse. Kun 1 km i luftlinje. Hadde ikkje planlagt å ta med denne i dag, men no var eg nær og den måtte med. Gikk raskare opp og ned på denne enn forventa. Fin utsikt frå toppen, som eg nådde 2:45 etter avgang. Kjapt nedatt, og no litt på flata, før snill signing mot Grunnane sør. Litt bratt ned frå denne, men fine renner. Så eit drag mot Grunnane. Her korrigering av kurs 110 grader, og mot Nibbi nord. Lett å orientere seg då det var god sikt. Innimellom fin utsikt mot snillare landskap i Valdres, før stigninga mot Nibbi-ane. Fint også mot Skogshorn. Nibbi vart nådd knapt 4 timar etter avgang. Traff to damer og ein hund på toppen. Så var det nedover i varierande stein og lausare stein/grus-massar. Varsemd løner seg, men det blir greiare når ein kjem ned til gras-slettene. Vurderte til og frå kva side av elva eg skulle gå på, når eg kom lenger ned. Valde den næraste stien slik det såg ut på kartet i appen. Passerte elva for å komme dit. Det var ikkje lurt. Sleit med ein god del einerbusker nedover, også der stien var. Litt bushing. Men det var ikkje så langt belte. Tapte nok 10 min mot eit betre val på hi sida, vil eg tru. Sidan rutevalet hadde vore nærast perfekt i dag, må ein vel rekne med litt rusk på slutten. Svært tilfreds med å ha fått med desse tre toppane, og så seint på året. Fantastisk opplevelse å gå opp i det golde slik. Den skikkeleg tunge oppgangen til fjellet, var tøff, men høyrer med. Når ein så ser stølane, og oppatt på fjellet etterpå, så blir ein ganske glad og tilfreds med prestasjonen. Logga topp 400 over 100 pmf. på Peakbook i dag også.

Oppgang mot Skurvefjellet.
Oppgang mot Skurvefjellet.
Oppgang mot Skurvefjellet.
Oppgang mot Skurvefjellet.
Mot Skurvefjellet.
Mot Skurvefjellet.
Mot Trøimsbotn/Vestrebotn
Mot Trøimsbotn/Vestrebotn
Frå Skurvefjellet og Hemsedal i retning Gol
Frå Skurvefjellet og Hemsedal i retning Gol
Grunnane Vest, Grunnane, Nibbi Nord og Nibbi
Grunnane Vest, Grunnane, Nibbi Nord og Nibbi
Bjørnbakknøse
Bjørnbakknøse
Frå Bjørnbakknøse og nordvestover
Frå Bjørnbakknøse og nordvestover
Zooma. Sør for Isbretjerne og Hydalsberget til høgre.
Zooma. Sør for Isbretjerne og Hydalsberget til høgre.
Veslebotnskarvet/Trøymsfjellet
Veslebotnskarvet/Trøymsfjellet
Tilbake mot Bjørnbakknøse
Tilbake mot Bjørnbakknøse
Tilbake mot Skurvefjellet.
Tilbake mot Skurvefjellet.
Mot Grunnane Vest
Mot Grunnane Vest
Skarvanfjellet, Nibbi nord, Nibbi
Skarvanfjellet, Nibbi nord, Nibbi
Litt av Storlifjell/Gråkampen. Storfjorden.
Litt av Storlifjell/Gråkampen. Storfjorden.
Nibbi-toppane. Snille herifrå, baksida.
Nibbi-toppane. Snille herifrå, baksida.
Skarvanfjellet og Skogshorn med nord.
Skarvanfjellet og Skogshorn med nord.
Grunnane
Grunnane
Skurvefjellet
Skurvefjellet
Trøymsbotn med fjella rundt
Trøymsbotn med fjella rundt
Bjørnbakknøse mitt i mot og Veslebotnskarvet til høgre.
Bjørnbakknøse mitt i mot og Veslebotnskarvet til høgre.
Gråskarvet/Storlifjell
Gråskarvet/Storlifjell
Varden på Nibbi. Mot Skogshorn.
Varden på Nibbi. Mot Skogshorn.
Har byrja nedstigninga. Tilbake mot Nibbi.
Har byrja nedstigninga. Tilbake mot Nibbi.
Skogshorn
Skogshorn
Ned mot Lykjestølane og Helsingvatnet.
Ned mot Lykjestølane og Helsingvatnet.
Hangglider ved lægre topp på Nibbi-fjellet.
Hangglider ved lægre topp på Nibbi-fjellet.
Nede i meir grøderikt landskap
Nede i meir grøderikt landskap
Opp mot Nibbi
Opp mot Nibbi
Skogshorn
Skogshorn

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.