Bergsfjellet og Skjøld - rundtur (23.09.2023)


Characteristic Hillwalk
Duration 4h 42min
Distance 22.5km
Vertical meters 1,332m
GPS
Ascents Bergsfjellet Ø2 (1,400m) 23.09.2023 10:47
Bergsfjellet øst (1,427m) 23.09.2023 12:14
Øst for Bergsfjellet (1,573m) 23.09.2023 13:11
Nordøst for Bergsfjellet (1,578m) 23.09.2023 13:18
Bergsfjellet (1,610m) 23.09.2023 13:34
Bergsfjellet vest (1,592m) 23.09.2023 13:51
Skjøld (1,577m) 23.09.2023 14:08
Visits of other PBEs Vårheim parkeringslomme (658m) 23.09.2023 10:47

Flott tur i Vangsfjella i dag. Tok av ved Vangsgutane, og opp Skakadalen. Køyrde heilt inn til Soleistølen og sette att ein sykkel. Køyrde så nedatt til parkeringslomme ved avkøyrsle mot stølsområde Vårheim. Gikk derifrå på traktorveg til kvitmålt stolpemerke. Lyt følgje traktorvegen nokre høgdemeter nedatt, så skilta vidare. Fin grei sti oppover med kvite stolpar på trea. Lett å finne fram. Over tregrensa V-merker. Så er det berre å følgje ryggen til Bergsfjellet øst. Flott utsikt. Følgde så ryggen bort, og gikk ut der ein kan sjå styrtningane av Bergsfjellet. Fasinerande. Så nedatt mot eit tjern og rett på fjellfoten. Var spent då det såg bratt ut. Løyste seg fint ved å følgje hyller litt att og fram. Halde seg unna bratte oppgangar, mose og svaberg. Oppå fjellet var det å sikte seg frå topp til topp bortover mot Bergsfjellet. Kan sjå ut som eg ikkje var bortom "Nordøst for Bergsfjellet". Det var eg. GPS-en låg då i sekken som eg hadde hekta av 50 meter i frå. Erstatta Peakbook sit GPS-spor med Garmin grunna flystriper. Gikk forbi ein grøn topp. Suletinden ser ein også herifrå. Frå Bergsfjellet fint ned mot vatn, så over ein fjellrygg, nedatt litt, og vidare lett opp til Skjøld. Fin utsikt her både til Vangsmjøsa og opp dalen mot Filefjell. Frå Skjøld og nedatt til Storstølen, var det fint og lett å gå. Svært godt varda. Til stølen hadde eg gått 14,3 km. Så var det 8,2 km i full sus på off-road sykkel. Tok 16 minuttar ned til bilen. To nye Vang-toppar i beltet.

Litt etter turstart.
Litt etter turstart.
Grindane.
Grindane.
Mot fyrste topp, Bergsfjellet øst.
Mot fyrste topp, Bergsfjellet øst.
Utsikt.
Utsikt.
Tilbake mot Bergsfjellet øst.
Tilbake mot Bergsfjellet øst.
Bratt leia mot andre topp.
Bratt leia mot andre topp.
Styrtningane frå Bergsfjellet.
Styrtningane frå Bergsfjellet.
Utsikt.
Utsikt.
Mot topp to, Bergsfjellet.
Mot topp to, Bergsfjellet.
Frå Bergsfjellet.
Frå Bergsfjellet.
Tilbake mot Bergsfjellet med fleire.
Tilbake mot Bergsfjellet med fleire.
Skjøld.
Skjøld.
Utsikt frå Skjøld.
Utsikt frå Skjøld.
Utsikt ned mot Skakadalen.
Utsikt ned mot Skakadalen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.