Frønningen Høgehaug (15.09.2023)


Characteristic Hillwalk
Duration 0h 54min
Distance 4.1km
Vertical meters 148m
GPS
Ascents Høgehaug (519m) 15.09.2023 12:43

Klar for siste tur på Lærdalslista. Trass kontakt med jægrar på ferja og grunneigar, kom eg rett på eit lag som skulle jakte fugl i terrenget eg skulle gå i. Dei ville helst ikkje ha folk i terrenget. Eg forklara ærendet mitt. Siste topp på ei liste av 67. Dei hadde stor forståelse. Berre å gå sa ein rørsleg kar. Vi kan vente litt sa dei. Eg tok opp kart, og forklarde at eg kunne gå ut av terrenget, ei anna rute. Måtte berre returnere litt på samme ruta, og så korrigere. Det var dei 4 og takksame for, slik eg forstod dei. Dei hadde med ein fuglehund på jakta. Greitt å gå på sti innover i terrenget her. Ein god del vegetasjon og lyng, så litt av stien no og då. Returen gikk problemfritt. Då er lista med toppar I heimkommunen min Lærdal, komplett.

Høgehaug, høgaste punkt.
Høgehaug, høgaste punkt.
Høgehaug, høgaste punkt.
Høgehaug, høgaste punkt.
Høgehaug - Lærdalslista komplett.
Høgehaug - Lærdalslista komplett.
Stemning nær Høgehaug.
Stemning nær Høgehaug.
Ser til Storehaugen.
Ser til Storehaugen.
Ser til Bleia.
Ser til Bleia.

User comments

  • -
    avatar

    Lærdal PF100

    Written by PeakFloyd 15.09.2023 16:59

    Gratulerer med fullført Lærdalsliste Einar. Veldig bra gjort. Flotte skogsbilder fra de 2 siste toppene. Jeg kommer sakte, men sikkert etter.

    • -
      avatar

      Sv: Lærdal PF100

      Written by Esone 15.09.2023 18:56

      Tusen takk Arne Magnus ! Du kjem nok til å fylle denne lista og ja. Spennande område Frønningane. Gikk austover langs fjorden medan eg venta på ferja. Gamle hus, nedfall og litt idyll. Samt det historiske sagbruk.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.