Frønningen Parisholten (15.09.2023)


Characteristic Hillwalk
Duration 1h 00min
Distance 4.4km
Vertical meters 246m
GPS
Ascents Parisholten (788m) 15.09.2023 11:20

Då var endeleg dagen for å fullføre Lærdalslista kommen. Var litt nervøs for å forstyrre jægrar. Hadde kontakt med Vilhelm Rumohr for rettleiing. Traff også representanter for to jaktlag på ferja. Viktig å ta hensyn til andre. Grunna jakta, valde eg ei rute som kunne vere til hjelp. Dei jakta høgare i fjellet, så det var aldri konflikt slik sett. Duskregn frå morgon av, men det lysna opp. Køyrde forbi garden Åsen. Plutseleg gikk det frå veg til traktorveg, med djupe spor og gras. Kom forbi, men det kom ein liten dunk under bilen. Så gikk det over til skogsveg. Eg tvila men fortsette. Køyrde på kantane. Ca 300 meter frå der eg planlagde å parkere stoppa eg. Ein liten graskant var nok til å snu bilen. Puh. Rusla på skogsvegar, til det var slutt på dei. Så sikta eg mot toppen. Det gikk greitt. Men ingen utsikt her. Likevel kjekt. Ein får ein ro av å gå slik i tette skogen. Litt spennande også, å finne god lei i terrenget. Det var viktig å lage ei slags rute som rundtur. Ikkje berre køyra nærast mogeleg, og gå rett på. Vurderte sykkel på besøket ut her, men grunna litt usikkert ver og lang opphaldstid før retur med ferja, så blei det bil. Det var kjekt å besøke Frønningen for fyrste gong.

Litt etter turstart.
Litt etter turstart.
Utsikt.
Utsikt.
Toppunktet.
Toppunktet.
Ved toppen.
Ved toppen.
Subba ei gong på skogsvegen.
Subba ei gong på skogsvegen.
Mot Åsen.
Mot Åsen.
Åsen.
Åsen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.