Middagshaugane (24.08.2023)


Characteristic Hillwalk
Duration 4h 00min
Distance 14.8km
Vertical meters 1,118m
GPS
Ascents Middagshaugane (1,124m) 24.08.2023 17:11
Visits of other PBEs Kvitingsmorki parkering (13m) 24.08.2023 14:57

Avspasserte halvanna time i dag, for å få ein fjelltur før regnveret tek over helga. Området rundt Kvitingsmorki er svært flott. Klassifisert som "Naturreservat". God sti, og bratt dei fyrste 400 høgdemeterane. Så er det fint stigande på det som opplevast som ganske langt, før ein er oppe på stølen Kvitingsmorki. Målte til vel 4 km. Sjekka litt ut ein sti med tanke på anna rute på retur, men slo det i frå meg. Hadde vorte mykje lyng trur eg. Sti også vidare innover fjellet. Då eg tenkte på å dreia mot toppen, stod det faktisk ein varde klar for meg. Heldt meg litt til høgre for ryggen opp, og det samme ned. Som vart motsett. Også litt for variasjon sin del. Flott å gå men meir uryddig opp. Fint når ein kom opp på "flatene". Nydeleg utsikt til flotte toppar i Årdal og Lærdal. Etter litt fotografering og ei skjeve, vart det retur. Fin-fin ettermiddagstur i dag.

Kvitingsmorki.
Kvitingsmorki.
Skimlehovden.
Skimlehovden.
Mot Vikadalen. Toppen er Munkenosi.
Mot Vikadalen. Toppen er Munkenosi.
Toppunktet og Bermålsnosi.
Toppunktet og Bermålsnosi.
Noatte sjålbilde.
Noatte sjålbilde.
Mot Aordal. Gjerdesnosi til høgre og Horgi i midten.
Mot Aordal. Gjerdesnosi til høgre og Horgi i midten.
Bleia godt zooma.
Bleia godt zooma.
Pumpestasjon ved Viervatn og Høganos.
Pumpestasjon ved Viervatn og Høganos.
Nedatt mot Kvitingsmorki.
Nedatt mot Kvitingsmorki.
Viktig med respekt når ein går i slike område.
Viktig med respekt når ein går i slike område.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.