Skriki (19.08.2023)


Characteristic Hillwalk
Duration 2h 36min
Distance 8.6km
Vertical meters 905m
GPS
Ascents Skriki (1,232m) 19.08.2023 14:00
Skriki sør (1,227m) 19.08.2023 14:04

Tur frå Øvstedalen, opp frå Fardal i Sogndal. Fyrste gong eg køyrde opp og inn denne dalen. Her var det eit større område, og fleire gardar og bygningar enn eg hadde tenkt. Fin brei veg innover jordbruks-dalen. Fjellet Skriki er veldig markert med styrtningar mot nord, på venstre side når ein køyrer inn dalen. Fint opparbeida parkeringplass hundre meter ovanfor stistart (ein må gå noko nedatt). Gjennom grind og over bru, opp til støl. Drei høgre etter bygning, og rett opp. Fin sti, og lettare stigning enn venta opp til om lag 700 moh. No blir det brattare til det flatar ut ovanfor Skriksvatnet. Her var merka to ruter til Skriki. Eg dreia 90 grader venstre, og bratt rett opp ca. 20 høgdemeter. No følgde stien ein fin rygg oppover til ein etter kvart skrådde over i ein flanke. Her var det nokre brattare parti. Bratt også siste 150 høgdemeterane, rett opp på fin grasbotn. Topp-punktet var ganske straks etter det flata ut. Så var det ca. 300 meter bort til Veten (Skriki sør), ein stor varde med to postkasser. Her var det fin utsikt mot Bleia, Aurlandsfjorden, Fresvik, ut mot Vangsnes m.fl. Fint også på retur, då med ustikt nordover. Alltid kjekt å gå på eit sjølvstending fjell, med høg primærfaktor. Samme ruta på retur. Ser at ein kan gå til Skriki frå ulike stader, også frå Norane ved fjordsida.

Flanken på veg opp.
Flanken på veg opp.
Ser ut mot varden på lægre sør-toppen. Fin utsikt.
Ser ut mot varden på lægre sør-toppen. Fin utsikt.
Fresvik.
Fresvik.
Veten, sørtoppen.
Veten, sørtoppen.
Ut fjorden mot Vangsnes.
Ut fjorden mot Vangsnes.
Retur. Middalen i Sogndalsdalen.
Retur. Middalen i Sogndalsdalen.
Sjålbildet frå toppen.
Sjålbildet frå toppen.
Øvstedalen.
Øvstedalen.
Skriksvatnet.
Skriksvatnet.
Fine egger nedover. Mot Øvstedalen.
Fine egger nedover. Mot Øvstedalen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.