Blåtind (05.08.2023)


Characteristic Hillwalk
Duration 2h 23min
Distance 7.7km
Vertical meters 720m
GPS
Ascents Grøthornet (593m) 05.08.2023 13:07
Dyrehornet (671m) 05.08.2023 13:18
Blåtind (697m) 05.08.2023 13:24
Visits of other PBEs Hundelaupsvatnet (485m) 05.08.2023 13:44

Fin tur over fjellet frå Eiksund til Haddal. Overnatta i bubil på rasteplass like forbi Eiksundbrua. Eg var klar for tur dagen etter. Fant ut om kvelden, at det var sti til Blåtind herifrå. Frå eit vassverk øvst i byggefelt. Blåtind er høgste fjelltoppen på øya Hareid, og difor god primerfaktor. Stien var blaut, og eit felt med 2 meter høgt ormegras gjorde meg gjennomvåt på bukse og sko etter 10 minuttar. Noko betre i barskogen etter kvart. Men blaut var det til over tregrensa. Betre å gå no. Måtte oppom fyrste toppen også. Så opp på fortoppen til Blåtind, og få minuttar vidare til høgste toppen, Blåtind. Varden her var av største slaget. Flott utsikt til alle kantar. Kjende på lysta til å gå over fjellet, og ned att til Haddal. Både grunna blaut sti, og ynskje om variasjon. Kortare var det og. Ringde til Marita, og spurte om ho ville køyre dei 5 -6 km til skulen på Haddal. Noko skeptisk, men ho sa ja. Ho er flink å køyre bil, men likar best å sitte i passasjerstolen i bubilen. Fin tur nedatt frå fjellet til Haddal. Noko av ruta hadde eg gått før, på ein tur til Kongsvollen. Mindre vegetasjon på nordsida av fjellet. Myra til sist var no våt nok. Kjekk tur i alle fall.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.