Haglebunatten (01.08.2023)


Characteristic Trip by foot
Duration 1h 23min
Distance 6.2km
Vertical meters 481m
GPS
Ascents Haglebunatten nordøst (1,263m) 01.08.2023 16:34
Haglebunatten (1,278m) 01.08.2023 16:39
Visits of other PBEs Haglebu p-plass (810m) 01.08.2023 15:54

Køyrde frå Blefjell om føremiddag. Små etappar i bubilen i dag. Stoppa i Lampeland. Langs innsjøen Soneren i Sigdal tok vi "kle-turkepause" til alt var turt. Fin rasteplass, nydeleg vatn, med fjelltoppen "Andresnatten" innover. Etter eit par timar vidare opp Eggedalen, som vart fyrste gong for meg. Likeeins Haglebu-området. Parkerte ved Haglebu feriesenteret. Her var eit større område for vogn- og spikartelt. Lita "Brustadbu" å handle på her. Gikk aleine til toppen, i greitt tempo. Merka heile vegen. Fyrst forbi ei sæter, så inn i barskog. Bratt opp i sida på fjellet, til det flata ut ved eit vatn. Så opp ein lang fjellrygg, men ein par brattare kneikar. Fortopp fyrst, og så nokre hundre meter bort til varden. Toppa etter 45 min. Svært flott utsikt frå denne toppen. Regnbyger trua, så eg returnerte ganske raskt. Fin tur, som ein kan gjere lenger ved å gå rundt vatnet, og ei delvis anna rute nedatt.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.