Blefjellet (31.07.2023)


Characteristic Hillwalk
Duration 5h 05min
Distance 12.7km
Vertical meters 673m
GPS
Ascents Bletoppen (1,342m) 31.07.2023 15:48

Låg over på parkeringa i bubilien. Var spent på om det blei tur i dag, grunna dårlege vèrmeldingar. Regn om føremiddag, men frå kl. 13 betre, og vi la av gårde mot turmålet Store Ble. Vi var ikkje komme lenger enn til vatnet då det byrja fossa ned, men kun 5 min. Fint på breid sti, men noko steinet innover. Etter ein god km tok stigingar til. Jamn og fint. Opp langs ein fin foss, over stigrensa, og det flata ut. Straks ved eit sti-dele. Rikeleg med tur-løyper i terrenget her. Også til turmålet vårt, var det fleire ruter. Vi valde Langedalen, den kortaste rett på. Fint inn her, med elv, og nokon små brattare parti innover. Litt yr innimellom. Då vi kom opp, og såg fjellet, var vi overraska over kor nær vi var toppen. Inn mot fjellfoten blei det sol, vakkert, og tid for fotografering. Så var det oppstigninga. Nokre kneikar, men god sti. Straks byrja ei stri regnbyge, iblanda hagle, og vi vart blaute, på trass av godt utstyr. Byga held på vidare i ein knapp halvtime. Var med oss opp på toppen, og nedatt til fjellfoten. Besøket på toppen gav difor lite utsikt, og vart utført raskt. Matpausen tok vi ved fjellfoten på retur, då regnet hadde gitt seg. Resten av returen vart ei finare turoppleving, med mykje solgløtt og god utsikt. Fin topptur, på trass av regnbygene.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.