Storeberg (30.07.2023)


Characteristic Hike
Duration 1h 18min
Distance 3.8km
Vertical meters 225m
GPS
Ascents Storeberg (293m) 30.07.2023 16:41

Kom rett frå Omdalsåsen. Køyrde nokre hundee meter vidare, og parkerte midt i anleggsområdet for nye motorvegen. Søndag, og ikkje arbeid i dag. Gikk opp på gravemaskin-trasè, og inn i villskogen. Skulle vere traktorveg, men den var godt attgrodd. Opna seg då eg følgde ei kraftlinje ei kort stund, for så å leite etter sti inni skogen att. Det gikk da framover. I eit belte på 50 meter måtte eg sloss i gjennom 3-4 meter høg tekk bjørkeskog. Kom så inn på nokre flater med ope felt. Litt til høgre, og innatt på noko betre ATV-veg fyrst flatt, og så lett stigning. Sjekka app, og gikk så ganske rett opp mot turmålet. Enda på feil topp, 200 luftmeter for langt sør. Sidan det var hoggbratt i mellom, måtte eg litt i retur, og så ned i skaret. Greit topp til toppen, men tett vegetasjon her, og greitt å lese terrengen, før ein angrip. Endeleg flata det ut, etter å ha sloss med mykje vegetasjon under vegs. Gikk litt ut på kanten mellom toppane, og tok eit par foto. Retur gikk lettare samla sett. Gikk på ein orienterings-smell då eg skulle i gjennom "Bjørkeskog-helvete". Visast på loggen. Då er topp 7 av 15 i Porsgrunn fullført. Sler fast at det er finare i høgfjellet.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.