Mehamarsåta (23.07.2023)


Characteristic Hillwalk
Duration 3h 12min
Distance 12.7km
Vertical meters 720m
GPS
Ascents Mehammarsåto (749m) 23.07.2023 18:51
Mehammarsåta Søre (721m) 23.07.2023 19:14
Visits of other PBEs Heia p-plass (390m) 23.07.2023 17:17
Kvelve (590m) 23.07.2023 17:34

Nydeleg tur frå Heia på Stord, og til høgste fjelltoppen på øya. Opp frå parkeringsplassen i tur-rute med sherpatrapper til det flater ut. Etter denne kneika stod ein varde med norsk flagg på. Sikkert eit mykje nytta turmål for mange. Heldt fram på sti rett fram, og så ei lita kneik. Veldig fint kuppert terreng innover med idylliske vatn. Grønt og frodig. Etter kvart litt nedatt ein dal i retning mot demning ved vatn. Litt før denne, byrja oppstigninga mot dagens turmål og topp. Vel komen opp på flatene på fjellet, viste seg eit heilt ny topografi, med fine avrunda svaberg, og lite vegetasjon. Fint å gå bort til toppen. Fin utsikt mot Folgefonna og havet. Forferdeleg å sjå alle vind-turbinane. Prøver å ikkje sjå på dei. Tok nokre bilder frå toppen, og så retur. Var oppom grøn fortopp på returen. Møtte 4 personar litt etterpå. Dei var seint ute på såpass til tur. Ei regnbyger trua, men traff meg ikkje. Veldig fint og lettgått terreng. Enno finare på returen med lyset då det lei mot kvelden.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.