Kvitingane (18.06.2023)


Characteristic Hike
Duration 2h 04min
Distance 8.0km
Vertical meters 505m
GPS
Ascents Kvitingane (1,426m) 18.06.2023

To turar i Hemsedal i dag. Fyrste til Kvitingatn, som det heiter på «Hemsedøl». Køyrde inn Grøndalen ved Tuv, og opp fjellvegen mot Vavatn. Parkering med Vipps ved tur-start. Skilta og merka rute til topps. Fyrst opp ein veg, så litt ned i skogs-terreng, og etter kvart over ei solid bru. Tydeleg at denne turen er ruta utanom stølsområdet med hensikt. Etter kvart slapp skogen, og det var fint å gå inn dalføret. Ikkje lenge, før det vart brattare opp fjellryggen. Fint å gå her. Oppå fjellet var det også nokre flatere parti. Den merka ruta går bort til varden. Her var både postkasse og SjekkUt. Fin utsikt. På «Norgeskart.no» er denne, og nabotoppen lenger nord sett til same høgd. Raude nåla er på toppen utan varde. Så det vart sjølvsagt obligatorisk innom den også. Gikk utanom sti bort dit. Her var det flott utsikt mot Harahorn, Hydalsberget, og fleire andre toppar. Så var det ned ryggen, inn att på stien, og turen nedatt. Nydeleg utsikt undervegs ned. Fint mot neste topp, Solgladberget.

PS ! Bilda ligg i feil rekkefølgje. 8,7,6, ... osv. om ein vil følgje logikk i turen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.