Dunheia frå Utvikfjellet (10.06.2023)


Characteristic Hillwalk
Duration 4h 12min
Distance 18.0km
Vertical meters 887m
GPS
Ascents Fløtravarden (869m) 10.06.2023 12:28
Snøfjellet (1,006m) 10.06.2023 13:03
Dunheia (1,165m) 10.06.2023 14:05

Det var planlagt 500 pmf-topp laurdag. Stod mellom eit par ute ved Måløy, Dunheia eller Glitregga. Sistnemnde frykta eg hadde for mykje snø. Etter turen i går, hadde eg fått smaken på det vakre ved Utvik-fjellet. Valet var lett, vi held oss her, og satsar på at Dunheia kan nåast utan for mykje snø-baksing. Fyrst inn over på grusa bilveg mot stølane. Gikk forbi der det var merka til Fløtravarden. Passerte "neste" merking, men tok inn i terrenget der det passa. Knapt 3 kvarter til Fløtravarden. Fin sti vidare, ned og så opp på Snøfjellet. Vidare sikta eg litt på skrå mot venstre, men vart freista av ein varde. Litt nedover der på skrent-parti, blei eg stoppa av eit par bratte snøbruer. Noko oppatt, og litt meir til venstre, så kom eg greitt ned til Tisthammarskardet. Møtte ein kar der, og såg to personar oppi bakkane vidare. Så var det å finne ei god lei oppover mellom snøfelta. Veldig greitt, og snøfelta bar godt. Sti også når eg kom litt oppi sida. Nådde Dunheia vel ein time etter Snøfjellet. Gikk ned til varden for SjekkUt. Der sat to karar, som hadde gått mykje same ruta, men skulle vidare til Sandane. Nydeleg utsikt undervegs og på toppane. På returen blei det å småspringe litt ned snøfelta. Tok ei rute under Snøfjellet, der det var grei sti. Oppom Fløtravarden ei gong til, og så på merka rute nedatt på grusvegen. Returen tok 1:40. Fin turdag :)

Fløtravarden. Snøfjellet og Dunheia dei to neste toppane.
Fløtravarden. Snøfjellet og Dunheia dei to neste toppane.
Frå Snøfjellet mot Dunheia.
Frå Snøfjellet mot Dunheia.
Tilbakeblikk mot Snøheia med skrentar.
Tilbakeblikk mot Snøheia med skrentar.
Mot Skjorta og Botnafjellet.
Mot Skjorta og Botnafjellet.
Frå toppen. Nydeleg.
Frå toppen. Nydeleg.
Frå Dunheia mot Myklebustbreen. Snønipa stikk opp.
Frå Dunheia mot Myklebustbreen. Snønipa stikk opp.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.