Skavegga frå Utvikfjellet (09.06.2023)


Characteristic Hillwalk
Duration 2h 47min
Distance 12.5km
Vertical meters 648m
GPS
Ascents Skavegga sør (1,057m) 09.06.2023 21:07
Skavegga (1,069m) 09.06.2023 21:29

Bubiltur med helga, og to ærend. Topptur sjølvsagt. Så hente dotter til Marita, som studerer i Volda, heim til sommarferie. Parkerte på Utvikfjellet fredag, fekk ut solstolar og slappa av nokre minutt. Så byrja det å klø i topptur-genet. Betemte meg for ein enkel tur opp ved ski-trekket. Litt rekognosering, og eg såg at det var merka til grøn topp forbi ein støl. Og raud topp ganske nær. Fin sti innover mot Støyvastølen, som var steinsett innimellom. Nydeleg stølsområde, med om lag 20 bygningar. Vidare bratt og fint opp til Skavegga sør, vel 3 kvarter hit. Fin utsikt. Var spent vidare mot Skavegga. Det var ein del snø. Snøfelta bar greitt, og det tok berre 20 min bort. Nydeleg utsikt ned til Utvik, og ut fjorden frå varden. Toppen er ikkje der raudmerket står, så eg ringa rundt på returen for å få meg med topp-punktet. Greitt bort att til sør. Skulle ta ein sjekk-ut på sør, men såg ikkje flagget på appen. Ikkje før eg hadde kome godt nedover, då eg såg to topp-flagg. Ja-ja, 652 meter i retur. Hm, var det så langt ? Retur vart det, og då kom oppklaringa. SjekkUt-flagget står ved ein varde litt ned, og 350 meter lenger aust for Skavegga. Den var merka med trim-poeng. Utsikta ned til vatnet, inn mot flate Myklebust, hoggbratte fjell, Myklebustbrea over, og Snønipa. Helt fantastisk :D Verd turen aleine, og dei 1,3 km ekstra gange, som det vart for å returnere for ein SjekkUt. Gløymde SjekkUt-en på stølen også da, når eg fossa nedatt mot bubilen.

Vora og Eggenipa.
Vora og Eggenipa.
Skavegga sør.
Skavegga sør.
Mot Myklebust. Snønipa høgast på breen.
Mot Myklebust. Snønipa høgast på breen.
Snønipa zooma.
Snønipa zooma.
Frå Skavegga. Utvik og ut Nordfjorden i solnedgang.
Frå Skavegga. Utvik og ut Nordfjorden i solnedgang.
Ut mot Skavegga.
Ut mot Skavegga.
Skavegga sør.
Skavegga sør.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.