Siljannibben (28.05.2023)


Characteristic Hike
Duration 1h 30min
Distance 4.5km
Vertical meters 228m
GPS
Ascents Siljannibben (261m) 28.05.2023 13:10
Visits of other PBEs Busterød p-lomme (80m) 28.05.2023 12:32
Siljannibben kul passasje (120m) 28.05.2023 12:38

Turen inneheld gode ruteval og dårlige, eller rettare, litt surr på returen. Då eg kryssa elva, og såg opp, der det var omtala oppgang, så tenkte eg, at her er det både veldig bratt og mykje vegetasjon. Så eg gikk for plan min etter å ha studert kart-kvotar. Lenger inn på grusveg, og så inn i terreng ved ein litt open plass. Veldig tettpakka terreng. Så tolmodigheit og prøve å finne opne glenner. Plutseleg var eg på ATV-veg, og følgde den. Der den slutta, tok eg litt til høgre, så rett opp. Kom til ein skrent, leita litt, og så noko til venstre. Og så stod eg under bratte berg. Fann ei lita skår som eg klora meg opp i. Vidare kjapt bort på toppen. Litt tid til utsyn, og så retur. Valde litt runding under berget, for så å sikte meg nedatt til ATV-vegen. Då den svinga til høgre i retning garden, vart eg freista. Sidan telefon varsla på veg opp, vart eg merksam på eit flagg på Peakbook-appen. Det forstod eg no var rette oppgangen. Enn om eg kan gå nedatt der ? Prøvde eg. Fyrst utpå ein rund knaus. For høgt. Så under denne. Her såg det ut til å vere ei skår, men eg såg ingen tak i berget, og den var litt gruslagt. No var eg midt på flagget. Såg ikkje ut som naturleg nedgang. Leita litt til venstre og lenger ned, men nei. Tenkte shit, eg er aleine, ikkje for stor risiko. Difor gikk eg opptatt, og følgde ATV-traseen resten av returen. Trur nok ein bør ha gått opp den flagg-ruta, før ein legg seg ut på å gå ned der, når det er fyrste gong. Ja-ja. Til sist surra eg også i eit kryss nesten nede att. Der var det attgrodd. Når eg kom ned til vegen gav konklusjonen seg. Turen til Siljannibben er greiast herifrå. God plass til bil og. Men det vart no ein artig opplevelse, samla sett.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.