Lindokk (17.05.2023)


Start point Å (60m)
Duration 2h 06min
Distance 3.7km
Vertical meters 495m
GPS

Tur til SjekkUT post Lindokk i Lærdal. Ikkje topp dette, men det var greitt å logge denne ruta, sidan det er ei av få ruter i Lærdal, som eg ikkje har gått. Tidlegare har det vore Bakketrim ved Veten lenger nede, og no ved Øvre veten, som det er i år. Det er mogeleg å gå heilt opp til fjells her, men det er ikkje merka. Må få med meg ein person som er kjent ei gong. Skikkeleg bratt oppi her. Ruta gå innom nokre kløyv og over på sva-parti. So om det er blautt, så må ein vere ekstra varsam oppi her. Det er nokre mindre skilt med stadnamn som er sett opp på tre oppetter ruta. Eit par skilt ber namn etter lokale heltar. Det hadde vore moro å høyrt historia bak. Det for vi gjere litt undersøking av, ved eit passande høve. Marita var med, og ho har no alle 81 SjekkUT i Lærdal, medan eg manglar ein.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.