Bleia i Lærdal (07.05.2023)
Ascents | Bleia (1,717m) | 07.05.2023 14:56 |
---|
Triveleg tur med Lærdal turlag. Fin gjeng på 13 personar gikk denne relativt lange skituren til hærleg utsiktstopp. Her får ein skitur der mykje går i jamn fin stigning i vakkert landskap. Etter Daudmannsvatnet, litt nedatt til Bleiaskard. Så byrjar dei knapt 500 høgdemeterane opp til varden på toppen. Om lag halve gruppa pausa ved varden, medan oss andre gikk ned til kanten mot Sognefjorden, og naut den flotte utsikta. Her utpå er nokre skavlar, men vi var varsame, og hadde kyndige Jon Einemo med som kjentmann nedpå. Om lag 3 km tillegg på turen, som betalte seg. Så var det siglinga nedatt, der dei fleste hadde det kjekt, og nokre kosa seg meir enn andre. Dei fleste hadde fjellski med feller, og tre nytta rando. Som er morro ned frå toppen, men mest fjellskitur dette, samla sett. Og dei med flellski gleid i frå i snille nedoverbakker siste vel 4 km. Fin ski-dag i aldeles nydeleg vêr.
User comments