Storebottnuten (06.05.2023)


Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 2h 53min
Distance 7.4km
Vertical meters 460m
GPS
Ascents Storebottnuten (1,476m) 06.05.2023 13:55

Ein time og 15 min å køyre med vasskraft-lada bil. Parkerte ved Holdeskar-vegen. I dag ville Marita prøve seg på ski for fyrste gong i år. Kjekt at ho blei med. Betennelse i kne har plaga henne lenge. Valde ein enkel rando-tur, med jamn stigning. Denne toppen burde eg ha samla i haust, men den rauk i eit dårleg strategisk val. Men tur er meir enn samling. Det var fint å gå roleg oppover i ikkje for bratt lende. Ruta gikk beint mot sør, og sola steika godt. Talte ei rekkje på 20 personar over oss, på veg mot Systerskardfjellet. Fleire og sjå på fjellski også i kvista løype. Enno rikeleg med snø. Så lenge det ikkje blir for varmt, er det høve for skitur nokre veker til her. Litt vind oppå topp-platået. Toppen baud på flott utsikt i alle retningar. Fasinerande å sjå dei store kontrastane, flatlandet i aust, mot fjella i dei andre himmelretningane. Reineskarvet var nærverande, og Hallingskarvet høgast lenger unna. Blåbergi såg freistande ut. Må nok dit ei gong. Returen baud på kosekøyring på greitt føre.

Storebottnuten.
Storebottnuten.
Ser tilbake mot Systerskardfjellet (til høgre).
Ser tilbake mot Systerskardfjellet (til høgre).
Toppen.
Toppen.
Mot Blåbergi
Mot Blåbergi
Totten, Storehorn og Såta.
Totten, Storehorn og Såta.
Nyydeleg vérfenomen.
Nyydeleg vérfenomen.
Nedkøyringa frå fjellet.
Nedkøyringa frå fjellet.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.