Brossviksåta (28.04.2023)


Characteristic Bike trip - off-road
Duration 2h 00min
Distance 11.1km
Vertical meters 670m
GPS
Ascents Brossviksåta (723m) 28.04.2023 11:21

Etter ankomst Rutledal ferjekai, bar det vestover på veg merka Dingja. Jøss, kan det bli smalare veg ? Her ynskje ein ikkje møtende trafikk. Parkerte godt utpå ei møtelomme, 100 meter før grusvegen som går til toppen av kommunikasjons-tårna. P-merka stad på Peakbook-kartet innpå grusvegen er feilplassert, sidan det er innafor låst bom :) Optimistisk på off-road oppover. Ikkje lenge før eg måtte av sykkelen. Her er stigninga mykje 15-20 %. Greit å trille då. Lenger oppå fjellet, kunne eg sykle innimellom. Sette sykkelen under siste hårnålsvingane opp til mastene, då eg møtte djupsnø her. Noko merkeleg med vegen opp her, var plassering av mini forbud-skilt for kvar 25 m heile traseen. Godt muleg at skilta har ein anna funksjon, som å lede leia ? Forbudt for all innkøyring gjeld også sykkel, noko eg ignorerte. Men ver varsam under slike installasjonar. Det rasar is og sørpe stadig i dag, og eg heldt meg på god avstand. Men toppen nådd. Sjølv om toppen blir forringa av bygg og teknologi, må vi ha nokon slike. Internett og TV-signal vil vi ha. Men verre er masse-uttaket ein kan sjå på nordsida, rett nede ved, og tett på Sognefjorden. Korleis har vi tillate det ? Utsikta undervegs oppå fjellet var veldig flott i alle retningar. Ein ser øyane trappa ned i havet, og fjella som stig innover i landet. Morro på offroadsykkel dei vel 15 minuttane nedatt.

God grusveg heilt opp.
God grusveg heilt opp.
Vinterleg rundt toppen enno.
Vinterleg rundt toppen enno.
Sognesjøen og øyane utover.
Sognesjøen og øyane utover.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.