Skredvarden (15.04.2023)


Characteristic Hillwalk
Duration 4h 05min
Distance 22.3km
Vertical meters 653m
GPS
Ascents Skredvarden (636m) 15.04.2023 13:09
Visits of other PBEs Sætrevatnet parkeringslomme (20m) 15.04.2023 10:52

Når været er regn heime, og sol ved kysten, så blei det bubil- og topptur. Valet fall få Askvoll. Kom fram til marinaen kl 21:30. Laurdag tok Marita og meg ferja til Atløy. Sykla frå ferja i Gjervika, 7,5 km utover smal bygdeveg, til vi kom til ei vik med skilta tur-vegar. Spora ikkje sykkelturen. Fin sti inn i terrenget og bratt opp på fjellet. Godt merka heile vegen, og lett terreng å gå i. Stadig flottare og breidare utsikt på veg opp, og med Alden som ikon. Nydeleg stor og fin varde med 360 utsikt på toppen. Vi tok oss god tid til å sjå utover, og til fotografering. Eg var imponert over Marita som blei med på tur i dag. Med betennelse i kne heile vinteren, har ho ikkje fått trena. Men opp kom ho. Nedatt med kraftig skinne, gikk det overraskende greitt. På sykkelturen tilbake lukta vi på ei ferje, noko vi kunne ha spart oss, då motvinden og ein kneik, stal dei 2 minuttene vi mangla. Eg returnerte Jokeren og provianterte is og drikke, så vi kunne kose oss litt på kaia, medan vi venta på neste ferje �. Sykkeltur 15 km. Gåtur 7,3 km.

Mot Fjaler og Solund.
Mot Fjaler og Solund.
Alden og Verlandet/Bulandet vestover.
Alden og Verlandet/Bulandet vestover.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.