Svarteknippa (09.04.2023)  5


Characteristic Backcountry skiing
Duration 6h 54min
Distance 31.6km
Vertical meters 788m
GPS
Ascents Svarteknippa (1,638m) 09.04.2023 15:01
Visits of other PBEs Tyin P-plass (1,080m) 09.04.2023 10:56

For ein dag, for ein skiføre, og for ein vakker fjellheim. Når ein går så langt inn i fjellet, får ein verkeleg ein god opplevelse. Ein sterk følelse av kor mektig fjella og naturen er. Kontrast til dei små areala nedi dalen der folket bur. Søskenbarn Anders var med på ski-turen i dag. Kjekt å vere to når ein går så langt. Svarteknippa står på Vangs-lista, toppar med primerfaktor på over 100 meter. Som betyr at du må meir enn 100 meter ned i skarsdjupn, for å finne ein topp som er høgare. Slike fjell står oftast fram som sjølvstendige fjell med noko volum. Ruta i dag gikk opp Såteskard frå parkeringa oppe ved Tyin-blokkene. Fint å gli frå skardet og ned mot Øyangen. Så vidare bortover mot Steinbusjøen. Vi følgde skuterspor frå omlag Såteskard, og heile vegen til 80 høgdemeter under toppen. Ved Steinbusjøen, kom vi inn på DNT si kvista rute frå Tyinstølen til Tomashelleren. Årsaka til at vi følgde spora og ikke rettaste linje, var for å korte ned tida. Det er mykje laus snø no, og tungt å gå utanom spor. Farten på flate parti hadde nok vore under halvparten av det tempoet vi heldt i skurspor på isen. Fyrste vel 11 km gikk på to timar, og det var tid for mat ved ein stor stein. Så i slakt fint terreng i flanken opp til vatn på 1550 moh. Kort over vatnet, ei kneik og så dei siste 80 høgde-meterane opp til varden på toppen. Utsikta her var på samme nivå som då vi førre veke var på Hundesteinsegge. Litt tid til å kike på toppar og dalar, og så retur. Køyring frå 1550-vatnet og ned til Steinbusjøen var berre heilt hærleg. Ny rast ved ei hytte på ein odde ved Steinbusjøen. Her tok vi ein liten snarveg i djupsnøen, sidan det var litt nedover, og gamle spor hindra at vi seig for mykje nedi. Litt for variasjon sin del og. Hærleg dag i fjellet :)

Næraste toppar over 2000 m frå ve. mot hø. er Langedalstinden, Mesmogtinden, Kviteskardstinden og Torfinnstindane.
Næraste toppar over 2000 m frå ve. mot hø. er Langedalstinden, Mesmogtinden, Kviteskardstinden og Torfinnstindane.
Stornakken.
Stornakken.
Har passert Stornakken. Lett flott terreng.
Har passert Stornakken. Lett flott terreng.
Svarteknippa nærmar seg.
Svarteknippa nærmar seg.
Tilbakeblikk frå oppstigninga mot Svarteknippa.
Tilbakeblikk frå oppstigninga mot Svarteknippa.
Toppar straks.
Toppar straks.
Då er eg ved varden på Svarteknippa, med vakre Gjende-alpar som kulisse.
Då er eg ved varden på Svarteknippa, med vakre Gjende-alpar som kulisse.
Vennis og Bergsfjellet råmar inn Vang med Helin mellom Gilafjellet og Gråskarvet. Godt zooma inn.
Vennis og Bergsfjellet råmar inn Vang med Helin mellom Gilafjellet og Gråskarvet. Godt zooma inn.
Hundesteinsegge, som blei besøkt 8 dagar tidlegare.
Hundesteinsegge, som blei besøkt 8 dagar tidlegare.
Gjendealpane !!
Gjendealpane !!

Fint å følgje skuterspor. Effektiv rute. Snarvegen på retur gav 350 meter kortare retur-rute.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.