Hundesteinsegge (01.04.2023)


Characteristic Backcountry skiing
Duration 7h 42min
Distance 28.2km
Vertical meters 815m
GPS
Ascents Hundesteinsegge (1,626m) 01.04.2023 16:05

Ein aldeles fantastisk fjellskitur !! Djup glinsande nysnø i urørt natur gir glede og eufori. Men deler av turen, eller kanskje summen, gjorde den også strevsam. For det var myyykje djupsnø, og vi seig langt nedi. Men på deler var det både snøskuter-spor og skiløpara med pulk framfor oss, som hadde gjort brøytejobb. Vi valde å ta bua rute over Steinbusjøen for å vere maks trygg. På retur la vi ruta over Øyangen til «Dei tre med pulkane». Lettare, og trygt viste det seg. Etter ein matpause ved ver-stasjon følgde vi så spora innover. Ved Kimbiltjernet gjorde vi dagens feile valg. Straffa blei dobbel. Vi forlet spora fordi vi rekna med at «Dei tre med pulkane» skulle ned i eitt anna dalføre. Det viste seg etterpå at dei m.a. skulle til Hundesteinegge. Vi heldt fram i djupsnøen vi, og brøyta. Men for all del, det var idyll heile vegen. Naturen var fantastisk og snøen og fjella var vakre. Rådslagning etter kvart, om vi grunna noverande kurs skulle ta toppen Svarteknippa fyrst, og Hundesteinegge etterpå. Men etter litt nøling blei det ikkje så. Vurderte sum tur for lang grunna framdrifta i djupsnøen. Heldt fram opp, og plutseleg var vi på 1588-toppen. Vi skulle ha gått lenger inn, og ikkje så høgt opp ved denne ruta. Så då vart det ned att ca. 100 høgde-meter i ei bratt side. Men vi fann ei rute mellom berg og skavlar. Så det gikk greitt. Men utan tvil, den andre ruta lenger til høgre over vatnet, og godt til høgre for 1588-toppen, er rett rute til Hundesteinegge frå Tyin. Vi toppa etter 5 timar. Utsikta her var heilt fantastisk. Tilrår kraftig denne fjellskituren. Men det må vere godt ver. Retur la vi i spora til dei tre med pulk. 2 timar og 15 min etter vi forlet toppen, var vi tilbake i bilen ved parkeringa ved Tyin-vatnet. Peakbook-appen laga flystriper i dag også. Posisjoneringa heng seg opp. Har justert etter polar-klokka.

Gjendealpane.
Gjendealpane.
Gjendealpane att.
Gjendealpane att.
Anders likar også Gjendealpane. Luretopp 1588 litt til høgre for midten.
Anders likar også Gjendealpane. Luretopp 1588 litt til høgre for midten.
Over Kimbiltjernet.
Over Kimbiltjernet.
Nydeleg dag. Mellom lure-toppar.
Nydeleg dag. Mellom lure-toppar.
Mot Hundesteinsegge. Må litt ned att.
Mot Hundesteinsegge. Må litt ned att.
På Hundesteinsegge.
På Hundesteinsegge.
Gjendealpane litt zooma.
Gjendealpane litt zooma.
Mot Horntind på retur. Eller Høddn-tind blir det vel på Valdres-dialekt.
Mot Horntind på retur. Eller Høddn-tind blir det vel på Valdres-dialekt.

https://flow.polar.com/training/analysis/7613908303

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.