Helleberget og Dyrhovden (01.03.2023)


Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 3h 12min
Distance 13.0km
Vertical meters 656m
GPS
Ascents Helleberget (988m) 01.03.2023 16:15
Dyrhovden (948m) 01.03.2023 17:09

Litt avspassering vart til ein skitur frå Hollekve i Sogndal. Målet var Helleberget, med opsjon på Dyrhovden. Resultat på begge, men noko undring undervegs. Følgde ruta over brua skilta til Helleberget. Sannsynlegvis ei sommar-rute. Men her var fint å gå oppover. Ruta til topps var heilt fin. Idyllisk ved vatnet og hyttene under toppen på austsida. Toppen var rund-flat, måtte litt forbi postkassa. Svært fin køyring nedatt frå toppen. Skikkeleg mjuk og turr snø på 10 - 15 cm. Nesten nede tok eg ein lang sving i retning mot fjellet eg rekna med var Dyrhovden. Det viste seg å vere rett, men undringa skuldast at appen svikta meg totalt i dag. Heilt fint til topps, og så eit par hundre meter i nedkøyringa, stoppa den. Ikkje hadde eg teke med GPS heller. Men eg hadde studert kart på førehand, og ruta eg valde til Dyrhovden var ok. Blanda følelsar i dag. Nydeleg snø, flotte fjell, men forbi stølane under Helleberget, og i retning Dyrhovden var det haugavis av snøskuter-spor. Og dette var tydeleg tyla-køyring. Opp mot Bollesteinshamrane hadde dei leika seg godt. Sikkert kjempemoro. Men bør ikkje slik sport utøvast på fast tilvist plass ? Ser at skuterspora skjemmer bilda meir enn kva et trudde då eg tok dei. Uansett, var det no kjekt med to raud toppar på ein ettermiddag. Valde ei anna rute på returen, for å gjere meg litt kjend.

Stølen Fagreggi og Helleberget.
Stølen Fagreggi og Helleberget.
På Helleberget. Postkassa stod ganske langt frå høgaste punkt.
På Helleberget. Postkassa stod ganske langt frå høgaste punkt.
Tilbake mot Helleberget etter nedkøyringa.
Tilbake mot Helleberget etter nedkøyringa.
Bollesteinshamrane i retning Dyrhovden.
Bollesteinshamrane i retning Dyrhovden.
Nær toppen av Dyrhovden.
Nær toppen av Dyrhovden.
Fin utsikt mot Bleia.
Fin utsikt mot Bleia.
Toppen Dyrhovden.
Toppen Dyrhovden.
Frå Dyrhovden nordaust mot Hurrungane.
Frå Dyrhovden nordaust mot Hurrungane.
Erstatning for Peakbook sitt Gps-spor, som var heilt på bærtur.
Erstatning for Peakbook sitt Gps-spor, som var heilt på bærtur.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.