Skjeltrene randonee (04.02.2023)  3


Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 2h 30min
Distance 6.1km
Vertical meters 458m
GPS
Ascents Skjeltrene (1,393m) 04.02.2023 12:36
Skjeltrene trig. pkt. (1,387m) 04.02.2023 12:36
Visits of other PBEs Skjeltrene p-lomme (955m) 04.02.2023 15:04

Eeeendeleg. Etter 40 dagar utan trening, grunna kraftig koronasjukdom frå nyttårsafta. Sjukdomen heng framleis i, men i dag blei det tur. Det var tungt. Snittpuls 20 over vanleg snitt. Fleire gonger måtte eg stoppe og henge på stavane. Men, til topps skulle eg. Hadde brukt mykje tid på å vurdere ruta som eg valde i dag. Må vere forsiktig. Nytta Varsom sin app, også undervegs. Unngikk skredterreng, og heldt meg under 30 grader. Men det var ganske mykje vind-transportert snø, og laust oppi. Etter mildvær og frost, så nysnø og kaldt, og ingen drønn, rekna eg oppgangen som trygg i dag. Hardare føre opp ryggen. Appen stoppa ved toppen, og tok heller ikkje inn toppen. Difor er sporet kun opp. Var på toppen kl 14:20. Eg hadde ikkje lasta ned offline-kart, så kanskje det var årsaka. Grei køyring nedatt, sett bort frå eit skikkeleg fall, men houdet fyrst. Skikkeleg kråke. Litt hardt i toppen, og innerskia skar nedi snøen. Slik kan det gå. Noko vanskeleg lys i dag. Vidare ned skogen var det fint i mjuk og djup nysnø, og betre køyre-sikt.

Lærdal-sida av Filefjell. Mot Bu-haugane. Nørdre Salen høgast.
Lærdal-sida av Filefjell. Mot Bu-haugane. Nørdre Salen høgast.
Toppunktet på Skjeltrene.
Toppunktet på Skjeltrene.
Topp-punktet.
Topp-punktet.
Sjål-bilde frå toppen.
Sjål-bilde frå toppen.
Bratte oppgangen. Over steinen litt under skardet, og opp litt til venstre for skardet.
Bratte oppgangen. Over steinen litt under skardet, og opp litt til venstre for skardet.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.