Nedanfor Tyinkrysset (26.12.2022)


Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 3h 00min
Distance 6.3km
Vertical meters 492m
GPS

Randonee-tur med Yngve. For han var målet morsom skogskøyring. For meg, håp om ein topp. Vi fann ein skogsveg med spor. Dette gjorde turen opp i terrenget lettare enn kva vi hadde forventa. Då vi kom ut av skogen, vurderte vi litt ein flanke av Finndalshorn. Men då vi kom inntil, var det noko laust, og verka tungt å gå opp. Vi gikk difor inn dalen, og rundt for lettare oppstigning. Oppå fjellet var vinden sterk, og det tjukna til. Finndalshorn var ikkje å sjå. Vurderte å snu, men Yngve hadde svært lyst å sjekke ut flanken. Det var ei kort etappe så vi gikk over. Av med feller, og så køyrde vi litt ned for å sjekke forholda. Det viste seg at snøen var hard i toppen her, og flakete. Vi høyrde drønn, og det laga seg lange sprekkar. Då vart valet plutseleg enkelt. SNU. Sjølv om føret nedanfor kunne vera finare, og tryggare, var det brattare. Sikta var også dårleg der vi stod og vurderte. Vi returnerte ruta vi kom frå. Gikk greitt, men sikta var dårleg. Sjekka app-sporet innimellom. Gløymde å ta bilder oppå fjellet. Det vart tøff skogskøyring i nydeleg laussnø nedatt. Ikkje noko underteikna har dreve mykje med. Utfordrande, men det gikk da greit, ingen fall. Fin og litt røff tur i dag. Men null topp. Mista posisjon på retur, difor spor frå Polar også.

Spor frå Polar flow
Spor frå Polar flow

User comments

  • -
    avatar

    So bra!

    Written by JonnyA 29.12.2022 21:38

    Mykje brukt randonnee-onråde dette no. Er planlagt heis i området tilrettelagt både for frikøyring og alpin slik eg har oppfatta det.

    • -
      avatar

      Sv: So bra!

      Written by Esone 29.12.2022 21:58

      Ja, vi møtte mange då vi køyrde ned. Unge folk. Heis og etter kvart ja. Noko spennande å sleppe seg ned bratta, og håpe at ein greier å svinge mellom trea. Nesten for gamal til slikt. Men moro og :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.