Fuglehaugnøse (29.10.2022)


Characteristic Hillwalk
Duration 2h 23min
Distance 7.4km
Vertical meters 668m
GPS
Ascents Fuglehaugnøse (1,399m) 29.10.2022 14:13
Galdenøse (1,323m) 29.10.2022 14:45

Tur nr. tre i dag. Dette vart den lengste i dag, den brattaste, og mest vindfulle. Starta ved parkeringa, der ein trasee av Kongevegen byrja. Traktorveg opp til stølen Fuglehaugen. Var litt i tvil om eg skulle følgje stipla sti, eller gå rett på. Såg litt på kvotane, og bestemte meg for å gå ganske rett opp, men unngå berga. Det var bratt og strevsamt å gå slik utan sti, men også ganske greitt. Det var ikkje så alt for mange høgtemeter. Siste halve km når det flata ut, var det særdeles kraftig vind. Egentleg berre moro, når ein er godt kledd. Sjangla bort mot topp-punktet. Fekk sikra vottane under ein stor stein, og tok bilder og ein video. Svært fin utsikt herifrå. Så sikta eg meg rett på Galdenøse, grøn topp, før eg returnerte i område der det skulle vere sti. Det var det nok, men sidan den ikkje var så tydeleg, og eg ikkje hadde gått opp her, vart det litt på kryss og tvers. Men ingen vanskar, sidan terrenget var ope nok mellom dvergbjørkene. Fin avslutning på tre turar i Hemsedal på ein dag. Fint å gå litt aust for vatn-skilet når veret er ruske heima.

Fin stor stein som hadde lagt seg på eit svaberg.
Fin stor stein som hadde lagt seg på eit svaberg.
Utsikt til Ershovdstølane i retning opp mot Hemsedalsfjellet.
Utsikt til Ershovdstølane i retning opp mot Hemsedalsfjellet.
Topp-punktet på Fuglestølnøse.
Topp-punktet på Fuglestølnøse.
Fin utsikt mot Grøndalen, Tuv og Hemsedal.
Fin utsikt mot Grøndalen, Tuv og Hemsedal.
Bakkestølnøse over Ershovdstølane.
Bakkestølnøse over Ershovdstølane.
Tilbake mot Fuglehaugnøse.
Tilbake mot Fuglehaugnøse.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.