Skinarfjellet og Solvornnipa frå Barsnes (15.10.2022)


Characteristic Hillwalk
Duration 5h 05min
Distance 17.3km
Vertical meters 1,267m
GPS
Ascents Skinarfjellet (886m) 15.10.2022 14:32
Solvornnipa (1,031m) 15.10.2022 15:32
Visits of other PBEs Dal (400m) 15.10.2022 13:22
Helgasete (600m) 15.10.2022 16:11

Held fram med nokre toppar i Sogndal. Køyrde til Barsnes, med von om å kunne parkere ved sti-start. Møtte forbud-skilt ved Barsnes. Køyrde tilbake ca. 400 m, og parkere ved sjøen like før Barnses-bakken. Turen vart slik i alt 4,2 km lenger enn planlagt. Med lite mat vart det tøft siste motbakken. Rusla innover og følgde sti som er merka S1. Denne etappa går frå Sogndal til Solvorn. Det var svært blautt til å byrje med. Gikk vesentleg i ei grov. Etter kvart betre. Fint ved stølen Dal 400 moh. Då eg nærma meg, og såg bort til Helgasete (600 moh.), bestemte eg meg for å gå utanom, stien og gå direkte til toppen av Skinarfjellet. Det var sjølvsagt anstrengande i bratta oppover, men noko eg ikkje angra på. Ei avveksling, og ei fin rute samla sett. Siste 50 høgdemetarane i nysnø. Skinarfjellet var hovudmålet i dag. Fin utsikt herifrå. Slapp meg på skrå ned sida i retning Hestadalen. Sikta etter jamn nedstigning. Dette gikk både raskare og lettare enn forvanta. Så litt på retur-ruta mot Barsnes, før eg fann trakk oppover mot Solvornnipa. Ikkje så lenge på den, før eg var på stien mot toppen. Etter eit kvarter her, når det bratta til, gikk eg tom for krefter. Fyrste gong faktisk et har kjent på ein slik opplevelse. Ja, då var det berre ned med farten. Det gikk da, ved hjelp av drikke og nokre blåbær. Det var svært fin utsikt frå Solvornnipa. Mot storfjella og fjord-landskap. På trass av haust og snø, møtte eg to andre ved toppen i dag. Retur nedatt på sti heile vegen. Det gikk relativt raskt trass sleipt og vått underlag. Solvornnipa besøke eg gjerne på nytt. Kanskje frå andre sida då.

Idyllisk, bru over Sagelvi.
Idyllisk, bru over Sagelvi.
Frå toppen av Skinarfjellet, kalla Nonhaug. Mot Solvornnipa.
Frå toppen av Skinarfjellet, kalla Nonhaug. Mot Solvornnipa.
Skinarfjellet.
Skinarfjellet.
Vakkert mot Helgasete, Barsnesfjorden og Sogndal.
Vakkert mot Helgasete, Barsnesfjorden og Sogndal.
Solvornnipa.
Solvornnipa.
Frå toppen, og mot Molden.
Frå toppen, og mot Molden.
Mot Hurrungane.
Mot Hurrungane.
Mot Bleia.
Mot Bleia.
Mot Barsnesfjorden.
Mot Barsnesfjorden.
Helgasete.
Helgasete.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.