Nyborg -Såta - Storehaugen (03.09.2022)  5


Characteristic Hillwalk
Duration 4h 12min
Distance 12.3km
Vertical meters 1,202m
GPS
Ascents Såta (1,408m) 03.09.2022 14:07
Storehaugen (908m) 03.09.2022 15:21

Parkerte bilen ved Grindheim i Erdal, 270 moh. Mykje vill-bringebær i terrenget opp frå Mork. Då kan ein ete litt. Baksida av den medaljen, er attgrodd sti. Bringebær-skog her. Opp frå Mork er det dårleg rydding i starten. Sikkert fordi Atv-vegen blir brukt i staden for. I dag missa eg stien her for fyrste gong, enno eg traff så fint opp frå stølen. Stien er fint lagt, og frå 700 moh. var det ryddig og fint opp til Nyborg. Fint her. Sti/trakk også vidare ca. ein km. Så var det å finne rute mellom vier, og så rundt skrenter opp mot toppen. Bratt innimellom. Eg gikk ut på sørleg del av toppen for å ta bilde. Også fordi eg undra meg på om det er høgaste punkt. 100 meter i retning Storehaugen står den staselige varden. Litt bilder her. Så var det å finne god rute nedover. Lett å bli trekt mot Hågnåsen, sidan ein rygg går i den retninga frå toppen. Etter fyrste nedstigning, er det litt motbakke til ein liten topp. Vidare må ein runde ein topp på vest-sida. Her byrja eit fint hjorte-trakk, som med få brot, tok meg til stien mellom Hognåsen og Storehaugen. Eg missa ein stad, og kom på utløpar for langt vest. Her såg eg to flotte hjortedyr som sprang nedover. Tok over på austleg sva/knaus, men måtte ta hjorten sin veg i mellom dei to. Er vand med å gå rygg eg. Det går bra, men av og til må ein runde dei, grunna skrentar. Eller det er tryggare /raskare. No var det å følgje stien resten av turen. Strekket Såta - Storehaugen vart fyrste-reis for meg. Har gått t/r Nyborg - Såta på Rando-ski ei gong. Fin dag i fjellet i flott ver.

Nyborg-stølen.
Nyborg-stølen.
Mot Såta.
Mot Såta.
Årdalsfjorden og Lustrafjorden. Vetanosi til høgre.
Årdalsfjorden og Lustrafjorden. Vetanosi til høgre.
Bleia til høgre.
Bleia til høgre.
Tønjaåsen med ville Tønjadalen bakom. Fjelltoppen er Stora Hånosi.
Tønjaåsen med ville Tønjadalen bakom. Fjelltoppen er Stora Hånosi.
Staseleg varde på Såta.
Staseleg varde på Såta.
Mot fjelltoppen Høganos.
Mot fjelltoppen Høganos.
Mot Lustrafjorden. Vetanosi og Bermålsnosi til høgre for fjorden.
Mot Lustrafjorden. Vetanosi og Bermålsnosi til høgre for fjorden.
Ljøsne med Mos-gardane og Råsdalen med toppen Okken til høgre.
Ljøsne med Mos-gardane og Råsdalen med toppen Okken til høgre.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.