Bjøbergnuten og Hestebottfjellet (22.08.2022)


Start point Bjøberg (965m)
Endpoint Bjøberg (984m)
Characteristic Hillwalk
Duration 4h 30min
Distance 15.0km
Vertical meters 1,215m
GPS
Ascents Bjøbergnuten (1,515m) 22.08.2022 12:54
Hyttebøttfjellet (1,418m) 22.08.2022 14:03
Sørvest for Hyttebotn (1,421m) 22.08.2022 14:13
Nordvest for Hestebottfjellet (1,432m) 22.08.2022 14:21
Hestebottfjellet (1,543m) 22.08.2022 14:49
Visits of other PBEs Bjøberg vinterparkering (990m) 22.08.2022 11:43
Jegerheim Bru (1,190m) 22.08.2022 13:22

Innlagt feriedag og topptur i Hemsedal. Gikk ruta som går frå Bjøberg mot Bjordalsbu ca. 2 km, og sikta meg opp fjellsida. På avstand såg eg meg ut ei rute opp flanken. Det var bratt eit parti, men det gikk greitt. Hadde sett på eit FB-spor som eg trudde eg følgde. Då eg kom ned til brua, såg et at "tiurjegern" nok hadde valt litt brattare, meir ryggen ca. 250 meter lenger aust. Toppa etter 1:12. Fin utsikt til Bjøberg og ned Mørkedalen frå toppen. Så bar det kjapt nedover, ei rute meir rett på brua. Fin bru utan rekkverk. Fint å gå i dag, halvskya, og lite vind. Kryssa store elva som går ut frå 1367 vatnet mot aust etter ca. 3 - 400 meter. Dette grunna mykje vier på andre sida. Vurderte å følgje elva, men ombestemte meg for å sjekke ut dei grøne toppane. Sat meg ned 7 minuttar og åt to skjever. Straks var eg ved foten av den fyrste grøne toppen. Tenkte då at eg kunne ta med meg desse tre også. Ganske artige småtoppar. Småbratte, men ein fann greitt rute nokolunde i mål-retninga. Ellers inn terrenget her var det småkneikar og ur innimellom. Ja faktisk litt gras att, mot toppen. Toppa etter 2:55 frå start. Flott varde her oppe, litt fotografering, og så retur. Sidan eg no ikkje skulle innom fleire toppar, la eg ruta meir i rett retning. Det fungerte greitt i nedoverbakke. Nådde bilen etter 1:20. Fin naturoppleving, trim og to Hemsedal-toppar rikare :)

Mot toppen Bjøbergnuten.
Mot toppen Bjøbergnuten.
Frå Bjøbergnuten.
Frå Bjøbergnuten.
Bjøbergnuten på avstand. Gikk opp midt på og over mot venstre. Flata ut ved snøfeltet.
Bjøbergnuten på avstand. Gikk opp midt på og over mot venstre. Flata ut ved snøfeltet.
Hyttebøttfjellet. Mot Hestebottfjellet.
Hyttebøttfjellet. Mot Hestebottfjellet.
Ser tilbake på Hyttebøttfjellet.
Ser tilbake på Hyttebøttfjellet.
Tempokart �
Tempokart �

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.