Storlifjell. Gråskarvet med naboar. (08.08.2022)


Characteristic Hillwalk
Duration 3h 17min
Distance 12.9km
Vertical meters 618m
GPS
Ascents Jørundgilknappen (1,710m) 08.08.2022 13:00
Gråskarvet (1,731m) 08.08.2022 13:32
Gråskarvet Nord (1,728m) 08.08.2022 13:50
Visits of other PBEs Hallingsteinen (1,335m) 08.08.2022 12:00

Fint ver i Valdres, og feriedagar til gode. Det hadde ulma litt i helga sidan eg ikkje hadde komme meg på tur. Angra ikkje på valet. Finfin tur i noko av den flotteste naturen landet byr på. Ja, det har eg nok sagt om mange andre stader og. Spennande med nytt terreng, og eg vart bergteken av hausttur til Grindane i fjor. Byrja å gå i delvis skya kl 11:36. Lett høgfjellsterreng, nesten utan stigning i starten. To km til Hallingsteinen. Ur fyrst ved ca 1500 moh. Fann store blokker, så det gikk kjapt opp til Jørundgilknappen 1710 moh. etter 1:21. Gikk rett på fortoppen, men kunne ha skrådd under den. Nydeleg utsikt frå varden. No var det ikkje langt til Gråskarvet. Fine blokker ned mot skaret, og jamnt stigande bort til varden på dagens høgaste, Gråskarvet, 1731, etter 20 min. Her vart det å ta seg tid til å nyte utsikta og fjella. Litt fotografering, video og eit par skjever.
Desse dalane inn mot mot Ranastonge og Rankonøse, er formidable og vakre. Returen blei lagt om Gråskarvet nord, ca. 10 min bort dit. Her var det fantastisk utsikt til vatnet Helin. Så var det å finne gode store steinblokker å gå/hoppe på nedover. Gikk radigt. Nede ved ein stein med varde, var eg heldig å få rein inntil meg frå to sider. Høyrde dei pusta. Fasinerande. Så var det transport nedover flatene i det fine bakken med gras, mose og lynggras. Framleis med formidabel utsikt framføre. Nydeleg dag. Var i bilen ca. 1 time etter Gråskarvet nord. Blei så fascinert at eg bestemte meg for å ta med Hugakøllen også, når eg fyrst var i Vang.

Mot toppar på Storlifjell.
Mot toppar på Storlifjell.
Lett terreng. Rankonøse til venstre.
Lett terreng. Rankonøse til venstre.
Helin. Sanddalen "over Heilin". Grindane til venstre.
Helin. Sanddalen "over Heilin". Grindane til venstre.
Toppane kjem nærmare.
Toppane kjem nærmare.
Fortoppen til Jørundgilknappen.
Fortoppen til Jørundgilknappen.
Toppane.
Toppane.
Sjålfi spegelvendt på Jørundgilknappen.
Sjålfi spegelvendt på Jørundgilknappen.
Gråskarvet til venstre. Nord for Gråskarvet til høgre.
Gråskarvet til venstre. Nord for Gråskarvet til høgre.
Frå Gråskarvet mot Hestebotten.
Frå Gråskarvet mot Hestebotten.
Mot Hydalen.
Mot Hydalen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.