Rauddalstindar travers (19.07.2022)


Characteristic Hillwalk
Duration 13h 05min
Distance 24.4km
Vertical meters 1,547m
GPS
Ascents Aust for Store Rauddalstinden (1,965m) 19.07.2022 14:45
Store Rauddalstinden (2,157m) 19.07.2022 16:08
Vestre Rauddalstinden (2,059m) 19.07.2022 17:45
Vest for Vestre Rauddalstinden (1,931m) 19.07.2022 18:44

Siste ferieveka, og vi prøvde oss på ein travers frå Leirvassbu. Det lukkast, sjølv om vi var opne for å snu. På sykkel litt før Leirvassbu, der vi hadde plassert bubilen. Sykla nedover Gravdalen, men sette att syklar, etter snøbru nr 4. På føtene vidare ein km, for så å gå ned til elva. Fann optimal stad å krysse elva her, og rusla inn Simledalen. Elvekryssing oppi dalen og. Matpause før bratta. Fint opp morener, men så tok vi eitt bratt parti for tidleg. Kursen vart då justert inn mot ein botn, og vidare opp. Så vart det mykje gonge på snøfelt. Innom eit sva og blokk-parti på veg opp til Aust for Store Rauddalstinden, 1965. Opp hit burde vi ha teke stigning litt tidlegare. Kjapt ned i skaret. Vi var spent på oppgangen til Store Rauddalstind. Fordi vi måtte på snøfelt, og det var bratt. Snøkjettingar kom på, og det kjennest tryggare. Det var mjuk snø, men plutseleg kan det bli hardare innimellom. Store Rauddalstinden hadde eit flatt topp-punkt med ein noko stusseleg varde. Den er vakrere å sjå opp på, enn frå. Særleg fin er den frå vest, og gjerne saman med sin vestre nabo. Det gikk greit ned frå store. Også her mykje snø, men litt mindre bratt. Bratt og greitt opp til Vestre Rauddalstinden. Her var utsikta storslagen. Det vart fotografering og ein kjapp matpause. Bratt og turt ned egga her. Vi tok også med Vest for Vestre, 1931, før tanken om heimvegen melde seg. Eit kort og greitt bratt parti ned frå denne, og så lett i retning 1931 toppen. Passerte vatnet, og ned på eit greitt snøfelt. Vi var noko usikre på detaljane i rute-valet her, grunna mengd snø. Las kvotene godt. Men det viste seg at fyrste snøfeltet drog oss for langt nord og mot elva. Vi vurderte det for bratt ned her. Vi gikk noko oppatt på skrå, og kom over på skrent- og graspartiet midt på. Ved overgang må ein unngå blaute sva, alger og mose. Følgde partiet mellom snøfelta, så snøfeltet sør for dette att. I ettertid ser vi at vi kunne ha teke over i det sørlige av dei største snøfelta noko før. Litt utfordrande å finne beste ruta ned her. Terrenget flata ut, og no var det å setje kurs mot brua rett nord for vatnet. Men fyrst ein kvilepause med mat, og drikke frå elva. Frå brua bar det til fots på anleggsvegen og siste etappe. Det var berre å gå jamnt med slitne kroppar. Vi såg fram til å nå i syklane, ca 4 km lenger nord. Befriande å sjå att syklane ein god time etterpå. No var det berre 3,8 km til bubilen. Ein opplevelsesrik og lang dag i vakre Jotunheimen. Vel 13 timar på tur, gode minner, og garantert kviledag i morgon.

Store og Vestre Rauddalstinden, dei to høgste midt i bildet.
Store og Vestre Rauddalstinden, dei to høgste midt i bildet.
Austre Rauddalstinden, Raudalseggje, Storegut, og Mjølkedalstinden.
Austre Rauddalstinden, Raudalseggje, Storegut, og Mjølkedalstinden.
Loddrett vegg på Aust for Store Rauddalstinden.
Loddrett vegg på Aust for Store Rauddalstinden.
Det flatar ut like før Store Rauddalstinden. Gløymde bilder opp mot denne. Snøbratt.
Det flatar ut like før Store Rauddalstinden. Gløymde bilder opp mot denne. Snøbratt.
Ned frå Store, mot Vestre.
Ned frå Store, mot Vestre.
Mot Vestre, nærare no.
Mot Vestre, nærare no.
Tilbake mot Store.
Tilbake mot Store.
Meg på Vestre Rauddalstinden.
Meg på Vestre Rauddalstinden.
Vest for Vestre.
Vest for Vestre.
Tilbakeblikk. Vestre og Store Rauddalstinden.
Tilbakeblikk. Vestre og Store Rauddalstinden.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.