Hemsedal-toppar frå Bjøberg (16.07.2022)


Characteristic Hillwalk
Duration 4h 00min
Distance 16.0km
Vertical meters 937m
GPS
Ascents Høgesyningen (1,396m) 16.07.2022 14:56
Grønleinberget (1,408m) 16.07.2022 15:25
Sør for Grønleinberget (1,370m) 16.07.2022 15:46
Bakkestølnøse Sør (1,337m) 16.07.2022 16:38
Bakkestølnøse (1,363m) 16.07.2022 16:50

Noko betre ver austafør. Kjørde til Bjøberg for å nyte litt Hemsedal-natur og plukke nokre toppar. Fyrst 600 m gonge langs gruseveg til hytter, før stien merka mot Kjåen tok opp i lett terreng. Tunn skog ei stund før det vart skikkeleg fint høgfjellsterreng. Etter vel 45 min var eg ved foten av fjellet Høgesyningen. Fint fjell. Lett og greitt, knapt ein halvtime til topps. God sikt herifrå og mot fjellstølen Bulie, der sti går opp i ein botn og vidare mot Kjåen. Bratt i rett linje ned frå toppen, til eit skar, og lett opp på neste topp, Grønleinberget. Fin varde her, og høgast av dagens toppar. Litt foto, ei skjeve, og tid til å nyte utsikt til fjella rundt om. Vidare i lett jogg eit godt kvarter til Sør for Grønleinberget. Fin utsikt til Raudberg. Så vart det å setje kurs i retning osen av vatnet Ershovdtjernane. Lett nedover, og greitt å krysse osen. Så var det dagens siste motbakke opp mot toppane Bakkestølnøse, fyrst sør, og så til hovud-toppen. Ein god time frå Sør for Grønleinberget til raud nål Bakkestølnøse. Nåla stod ein kvote nedom toppen, som betyr lite. Rett ned herifrå, vurderte eg det for bratt, og nytta ikkje tida på å leite. Så det bar ned til skaret mellom dei to toppane. Retur frå sørsida og i rett retning mot Bjøberg. Nydeleg turdag, men noko vind, og ca. 7 - 11 grader. Godt når sola var sky-fri. Det vart ein del av og på med kle undervegs i dag. Då er eg komme litt i gong med "Hemsedal-lista" på 100 pmf., sjølv om 26 % er lite å skryte av. Det står att 34 toppar, og eg kjem att :)

Høgsyningen. Flott fjell :)
Høgsyningen. Flott fjell :)
Topp-punkt Høgsyningen.
Topp-punkt Høgsyningen.
Grønleinberget.
Grønleinberget.
Varden og toppen av Grønleinberget.
Varden og toppen av Grønleinberget.
Sør for Grønleinberget.
Sør for Grønleinberget.
Utsikt mot Ershovd/ Heimdalen.
Utsikt mot Ershovd/ Heimdalen.
Bakkestølnøse.
Bakkestølnøse.
Toppen Bakkestølnøse sør.
Toppen Bakkestølnøse sør.
Bakkestølnøse. Her stod trignometrisk punkt høgast på toppen.
Bakkestølnøse. Her stod trignometrisk punkt høgast på toppen.
Tilbake mot Bakkestølnøse.
Tilbake mot Bakkestølnøse.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.