Vetanosi rett opp (14.06.2022)


Characteristic Hillwalk
Duration 2h 23min
Distance 9.4km
Vertical meters 1,115m
GPS
Ascents Vetanosi (1,133m) 14.06.2022 21:30

Kveldstur til Vetanosi. God trim, 1130 meter opp. Parti med kraftig stigning innimellom, spesielt nokre kneikar i øvre del. Fin sti i barskog og på sva i nedre del. Heilt fantastisk utsikt på denne turen. Når ein går nedatt kan ein sjå 4 fjordar samstundes. Ja det er ein fjord da. Sognefjorden. Men i tillegg til hovudfjorden, ser ein samstundes Lærdalsfjorden, Årdalsfjorden og Lusterfjorden. Oppå fjellet er det fin utsikt rundtom, og spesielt mot vakre Bleia. Bra tempo i dag. 1:28 frå stistart ved fjøsen til toppunktet, og 48 min på retur.

Vakkert opp mot Vetanosi.
Vakkert opp mot Vetanosi.
Utsikta nedover tek pusten frå ein. Sognefjorden, Lærdalsfjorden, Årdalsfjorden og Lusterfjorden møtast her.
Utsikta nedover tek pusten frå ein. Sognefjorden, Lærdalsfjorden, Årdalsfjorden og Lusterfjorden møtast her.
Toppen. Bleia-massivet noko til høgre for midten.
Toppen. Bleia-massivet noko til høgre for midten.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.