Bleia frå Maristovlii. (08.05.2022)  5


Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 4h 24min
Distance 13.9km
Vertical meters 1,089m
GPS
Ascents Bleia (1,821m) 08.05.2022 14:24

Fin tur med Yngve, som kom med turforslag fredag. Eg har vore på Bleia 1821 toppen i Lærdal fleire gonger. Men tidlegare alltid frå Eldrevatnet, når det har vore på ski. I dag skulle vi prøve ei rute frå parkeringsplassen like nedanfor Maristova. Det bar rett inn i skogen. Vi sikta ei grei rute innover mot Kolsmork. Veldig hardt, men det var for såvidt greitt så lenge det ikkje blei for bratt. Passerte etter kvart ei tømmerhytte, og tok sikte på ein åpning i skogen, opp mot Storehaug. Brattare no, og bratt oppgangen her. Her losna skiskoen frå bindingen ei gong både for meg og Yngve. Det var isete, og vanskeleg å få feste opp denne kneika. Vi tok av skia og gikk på føtene siste 30 meter opp, til det flata ut. Vidare var det ei flate før vi passerte grova Fremre Spjotåni. No vart det fint og ope høgfjells-landskap oppover. Snart fin utsikt til Eikeshorn. Nytt terrreng for oss, og det møtte oss fleire ryggar og små berg. Måtte ta stilling til val av rute, og var i tvil om dette. Snirkla oss etter kvart mellom hamrar, og fekk fin rute oppover, langs grova. Matpause ved ca. 1525 moh. Vel 200 meter etter pausen, opna det seg verkeleg, og det var lange fine flater med små kneikar innimellom. Valde oss ut ein flanke, og dreia venstre. Bratt opp denne, og vi fekk så sikt til El-installasjon som står ved topp-punktet. Så var de kose-etappe siste 15 min. til topps. Brukte 3:05 i gangtid opp. Her vart det å nyte den fantastiske utsikta 360, og ta nokre bilder. Det var heilt blikkstille på toppen. Fantastisk. Så gjorde vi klar for nedkøyringa. Yngve la ruta litt lenger inn mot fjellryggen, og vi fekk fin køyring med litt mjuk snø innimellom. Dagen hadde også mjuka opp snøen noko. Etter kvart dreia vi i retning spora opp. Men det vart lagt vekt på køyringa, og å nytte terrenget. Hærleg. Då vi etter kvart var ved Storehaug, der vi streva med hard is på veg opp, var det no såpass smelta at det vart fin køyring ned her. Så var det berre å følgje på Yngve i ski-dans mellom dvergbjørkene. Eg hang nokolunde på. Svært moro køyring i skogen. 34 minuttar etter at vi forlet toppen, stod vi ved bilane. Turen ned gikk ganske i eitt, men vi måtte stoppe 5 - 6 gonger for at låra skulle få puste. Kjekk dag på tur, og moro å ha gått denne ruta for fyrste gong. Brutto tid 4:20. Takk for turen til Yngve.

Ned mot Borgund med Bringe til venstre.
Ned mot Borgund med Bringe til venstre.
Eikeshodnadn.
Eikeshodnadn.
Flott lett terreng ved ca. 1620 moh.
Flott lett terreng ved ca. 1620 moh.
Det nærmar seg toppen.
Det nærmar seg toppen.
Suletinden og Sulefjellet, sett 100 meter frå toppen.
Suletinden og Sulefjellet, sett 100 meter frå toppen.
Store Hånosi, Jørundbotn, og den andre Bleia, 1717 moh.
Store Hånosi, Jørundbotn, og den andre Bleia, 1717 moh.
Sjålbilde frå toppen (spegelvendt).
Sjålbilde frå toppen (spegelvendt).
Eikeshodnaden att.
Eikeshodnaden att.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.