Hellstugubrean med toppar (23.04.2022)


Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 10h 05min
Distance 24.6km
Vertical meters 1,263m
GPS
Ascents Søre Hellstugubreahesten (2,111m) 23.04.2022 15:17
Midtre Hellstugutinden (2,339m) 23.04.2022 17:27

Nydeleg ver og fin tur på Hellstugubrean med Marita. Helgetur til Lom. Bubilen har ikkje vinterdekk, så vi leigde oss inn i leilegheit ved Nordal turistsenter. Gamal stugu som var pussa opp. Grei innkvartering og god frukost. Køyrde mot Spiterstulen laurdag morgon. Vegen oppover var svært holete, og ein del skada av vatn som grov. Måtte ta det med ro. Gikk innover Visdalen kl 09:40, og snart nådde vi sola. Fint innover, men snøen sang på siste verset her. Etter kvart litt opp, og inn mot brefallet. Ca. 2 timar hit, og så matpause i nydeleg sol, og stille. Etterpå vidare opp brea. Ingen problem, anna enn at det var hardt og ein del "bøljeblekk". Følgde delvis eit skuterspor, som gjorde det jamnare. Det var berre å finne rett tempo, og ete seg høgdemeter opp brea. Fint å sjå toppane etter kvart som vi passerte. Då vi nærma oss foten av Søre Hellstugubreahesten, måte det avgjerast om vi skulle gå opp mellom hestane, eller rundt. Det blei opp mellom. Såg greitt ut, men det var veldig hardt, og med 1/2 cm snø oppå. Skia glei litt ut nokre gonger, men det gikk greitt opp til skaret. Så var det av med ski og luffe dei få meterane ut på topp-punktet på hesten. Nydeleg utsikt nedover Vestre Memurubrean, og med toppar i horisonten. Matpause ved bandet før vi tok opp til skaret mellom Store og Midtre Hellstugutinden. På veg opp møtte vi eit følge på 10 -12 personar på veg nedatt. Oppe på skaret 2200 moh. fekk eg ein idè om å gå bort på Søre Hellstugutinden N2. Men etter 50 meter på ryggen dit, somla eg ein stav utanfor ryggen. Måtte på med stegjern, og ein liten redningsaksjon av stav. Kosta oss 20 min. Det vart hardare i snøen, så det vart kurs mot dagen hovudmål, Midtre Hellstugutinden. Gikk greitt å komme seg opp. Gikk på føtene frå skaret, litt travers bortover, og så delvis opp i ura. Etter kvart mykje i snø, der vi følgde andre sine spor mot toppen. Heilt fantastisk utsikt frå toppen, og artig med varden på kanten. Etter litt fotografering bar det nedatt til skia. På med ski, og ein mykje kjappar tur nedatt. Under ein time frå skaret til Spiterstulen. Men mange pausar for å lufte stive lår i unnabakken. Vi var nok heldige med at det hadde frose på att, ned dei flate partia siste 3 km av Visdalen. Stod i rando-spora, og det gikk i 8 - 10 km i timen, og det var berre litt staking på slutten. Mykje natur og opplevelse å ha med seg. Ein finfin dag.

Hellstuguhøe til venstre og Store Urdadalstinden til høgre.
Hellstuguhøe til venstre og Store Urdadalstinden til høgre.
Hellstuguhøe sett frå brea.
Hellstuguhøe sett frå brea.
Søre hesten, Store Hellstugutinden, Midtre Hellstugutinden, og Nørdre hesten i framkant.
Søre hesten, Store Hellstugutinden, Midtre Hellstugutinden, og Nørdre hesten i framkant.
Søre Hellstugubreahesten.
Søre Hellstugubreahesten.
Ned Hellstugubrea. Leirhøe, kvite toppen.
Ned Hellstugubrea. Leirhøe, kvite toppen.
Midtre Hellstugutinden sett frå Søre Hellstugubreahesten.
Midtre Hellstugutinden sett frå Søre Hellstugubreahesten.
Utsikt frå Midtre Hellstugutinden mot Gjende-alpane.
Utsikt frå Midtre Hellstugutinden mot Gjende-alpane.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.