Øvre Salen nordaust (15.04.2022)


Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 2h 36min
Distance 7.5km
Vertical meters 655m
GPS
Ascents Øvre Salen nordøst (1,567m) 15.04.2022 15:00

Fin-fin langfredagstur til Øvre Salen nordaust. Son Joakim og Marita var med. Fyrstnemnde med heftige gnagsår, og Marita med mykje trening frå i går i føtene. Vi gikk frå parkeringa til grunneigarane på Smeddalen. Der har slekta hytte, som far min bygde i 1955, og difor har vi koden til bommen :) Turplan var til litt over tregrensa. Så skulle vi til dagens mål, hytta nedst ved Smedalsvatnet. Men det blei topping likevel. På alle tre. Vi møtte Yngve og Vidar på veg ned, då dei var like under toppen. Holdt følgje på retur etter kvart. Det er svært mange som har oppdaga denne toppen som ein godt eigna rando-topp. Bilde viser at det var god trafikk i går og i dag. Lukka var nysnøen som kom for nokre dagar sidan, og som dekke over mange harde is-parti. Nysnøen hadde bunde seg godt. Varmen i går, og litt kaldare i dag, har gitt meir stabile skiføre. Dagen var berre nydeleg i det fantastiske veret. Og returen ned til hytta var svært moro. Takk for turen til Joakim og Marita.

For-for-toppen.
For-for-toppen.
Joakim og Marita ferdig med harde stigninga. Nedre Smedalsvatnet 655 høgdemeter ned.
Joakim og Marita ferdig med harde stigninga. Nedre Smedalsvatnet 655 høgdemeter ned.
Suletinden og Sulefjellet må med, når ein ser dei slik
Suletinden og Sulefjellet må med, når ein ser dei slik
Frå toppen. Hurrungane høgast i horisonten.
Frå toppen. Hurrungane høgast i horisonten.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.