Blåskavlen - avbrote (14.04.2022)


Duration 5h 00min
Distance 15.7km
Vertical meters 775m
GPS
Visits of other PBEs Vårparkering Snøveien (945m) 14.04.2022 11:04

Nydeleg dag, blå himmel,og varmt opp Soleibakkane. Gode vermeldingar. Gikk med Joakim, Sigmund og Øystein. Fyrste bildet av Fagerdalsnutane viser idyllen. Så viser andre bildet Blåskavlen med litt tåke rundt. Fem minuttar før, såg vi Blåskavlen klart med blått over. Ja så klart var det, at vi såg varden frå litt innpå Helleberg. Men tåkeskyer tjukna meir og meir, og like ved Fagerdalsnutane, valde vi å snu. Dette overraska ut frå meldingar. Men det var ein fin tur, og etter ein rast, vart det fin køyring nedover, og særleg flanken ned frå Helleberg var nydeleg. Svært varmt nede i Modlaugsbotn, der det smelta i spora. Finfin tur, men topping lyt det bli ei anna gong.

Fagerdalsnutane.
Fagerdalsnutane.
Blåskavlen. Det byrja å skodde.
Blåskavlen. Det byrja å skodde.
Her snudde vi. Skodda auka på.
Her snudde vi. Skodda auka på.
Fin køyring ned frå Helleberg.
Fin køyring ned frå Helleberg.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.