Berdalseken (12.03.2022)


Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 6h 12min
Distance 17.8km
Vertical meters 905m
GPS
Ascents Berdalseken (1,814m) 12.03.2022 14:41

Skitur med Lærdal turlag. Vi var 7 glade personar på tur i dag. Fleire avstod nok grunna meldingane om vind. Men vinden var fråverande på 80 % av turen. Nydeleg nede i dalane, men oppå sjølve ryggen bortover mot toppunktet var det sterk vind. Særleg siste par hundre meter, og rundt varden på toppen, var det kraftige vindkast. Sidan det var hardpakka snø, vart det ikkje noko snødrev. Ikkje det beste føre heller, men hard snø fungera greitt det. Svært avblæse på nokre stader. Særleg i partiet før skaret der ein kjem inn på flata under breen. Fleire steinar å sjå enn på tidlegare turar her oppe. Men ingen problem å komme fram. Måtte vere litt på vakt for isete parti. Eit par frå Hemsedal var med oss i dag. Trivelege folk. Svært kjekt at nye folk blir med oss på turane våre.

Mot innst i Vetle Frostdalen. Berdalseken er der bak. Men vi gikk inn til høgre for fjellet til høgre.
Mot innst i Vetle Frostdalen. Berdalseken er der bak. Men vi gikk inn til høgre for fjellet til høgre.
Vi nærma oss skardet mot Berdalsflui.
Vi nærma oss skardet mot Berdalsflui.
Snart er vi på toppen, Berdalseken.
Snart er vi på toppen, Berdalseken.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.