Erdal - Vardahaug støl (19.02.2022)


Duration 3h 30min
Distance 19.2km
Vertical meters 830m
GPS

Kjøyrde til bommen, ca. 300 moh. Gikk oppover fjellvegen/snøvegen i mykje fin laussnø. Nokre skispor, og eit snøskuter-spor oppover. Svært idyllisk, og mykje snø frå Kvigno. Ved ei hytte i Sluppen var skuteren parkert, og eitt spor heldt fram til like før parkeringsplassen ved Vardahaug. Det var fin sol innover dalen. Til no 9 km, og 600 høgdemeterane. Ei god transport-etappe før rette fjellet. Plan var ein topp, Vardahaug, eller Grånosi. Men etter som eg held fram rett opp småbjørkeskogen, framleis velsigna med spor av ski (med hund), byrja det å snø tett. Nådde Vardahaug støl i total White-out. Avgjerd retur, og null topp, var då lett å ta. Forstod at det vart utfordrande å renne ned att. Av med feller, og følgde spora i svak helling, men så gikk sporet flatt bortetter, og eg måtte ned i mot vegen. Vanskeleg køyring, held på å falle når eg stoppa grunna manglande sikt. Det vart noko betre sikt, og nede i bjørkeskogen var sikta god nok til fantastisk køyring i laussnøen. Full flyt og hærleg køyring. Så nede att på vegen, var det berre å stå i spora, like til bommen att. Tett snøver, men då eg var komme i bilen, var de blå himmel over Lærdals-fjorden. Fin tur :)

Erdalsvegen mot Vardahaug.
Erdalsvegen mot Vardahaug.
Vardahaug støl.
Vardahaug støl.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.