Vetanosi (18.12.2021)


Duration 3h 17min
Distance 10.1km
Vertical meters 1,137m
GPS
Ascents Vetanosi (1,133m) 18.12.2021 14:11
Visits of other PBEs Fodnes kai parkering (10m) 18.12.2021 12:10

Mildværet kom, etter ein lang kjøleg periode. Skisesongen var i gong, men no smelta snøen opp til ca 1100 moh her hjå oss. Då opna det seg for topptur til fots. Gikk ruta frå Fodnes kai mot Fagerset, men tok av umerka rute Vetanosi rett opp (står eit lite skilt langs stien). Og denne er bratt, og sug krefter. Om lag ved tregrensa var det litt snø og is i stien, og snø-kjettingar måtte på. Etter kvart møtte det meg kraftig vind pressa opp frå gjelet. Måtte på med boblejakke og sette sjø-bein innimellom. Litt forsiktigheit på det brattaste partiet. Godt når det flata ut, og eg kunne følge stien i retning mot store varden. Gikk ikkje bort til den, men skrådde 90 grader mot topp-punktet nokre hundre meter før. På toppen blæs det godt. Ca. 2 timar opp. Direkte start på returen. Kom greitt ned i skogen før skumringa. Ja heilt til kaien før det var mørkt. Hadde lykt i sekken. Turen gjorde skikkeleg godt på denne årstida, når aktivitets-omfanget er redusert.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.