Toppar ved Tyin (30.10.2021)


Characteristic Hillwalk
Duration 3h 12min
Distance 12.0km
Vertical meters 584m
GPS
Ascents Loppebolegge (1,444m) 30.10.2021 14:16
Målnestjernhøgda (1,363m) 30.10.2021 14:48
Målegge nordaust (1,421m) 30.10.2021 15:07
Målegge (1,461m) 30.10.2021 15:24
Målegge nordvest (1,421m) 30.10.2021 15:45

Det opna seg eit ver-vindauge mellom regnkavane, som har dominert siste par vekene. Då vart det på nytt Valdres-jakt på toppar over 100 pmf. i Vang kommune. Terrenget over Tyin passa fint så seint på hausten. Heller vanleg at det ligg snø i høgda rundt 12 - 1500 moh. denne tida på året. På Norgekart-appen såg eg at det var sti opp frå eit mindre hyttefelt nær elva Målnesbekken. Og rett frå ein hyttevegg var det som venta sti, opp til det flata ut ved ca. 1250 moh. Fint å gå, og ikkje vier og lyng her. Det kunne ha gitt ein blaut opplevelse etter all nedbøren. Det var halvskya og ein stor del sol fyrste timen. Fint å gå her oppe. Nydeleg utsikt i alle retningar frå dette området, som har Jotunheimen mot nord. På høgaste toppane, over 2000 meter, har det komme godt med snø no. Eg valde å leggja ruta mi etter terrenget, heller enn rett på. Då eg kom opp i høgdenivå til fyrste toppen, var eg nok eit par hundre meter lenger sør enn forventa. Jamt over ei fin rute, der eg prøvde å unngå store urar. Fin dag i fjellet :)

Loppebolegge. Toppen ligg 200 m lenger nord.
Loppebolegge. Toppen ligg 200 m lenger nord.
Mini-varden på Loppebolegge.
Mini-varden på Loppebolegge.
Utskikt nordover frå Loppebolegge.
Utskikt nordover frå Loppebolegge.
Målegge nordaust.
Målegge nordaust.
Målegge nordvest.
Målegge nordvest.
Frå Målegge nordaust.
Frå Målegge nordaust.
Målegge mot Steinbusjøen og toppar i sørleg del av Jotunheimen.
Målegge mot Steinbusjøen og toppar i sørleg del av Jotunheimen.
Målegge nordvest.
Målegge nordvest.
Hurrungane over Tyin sett frå Målegge nordvest.
Hurrungane over Tyin sett frå Målegge nordvest.
Solnedgang bak Suletinden og horisonten i sørvest.
Solnedgang bak Suletinden og horisonten i sørvest.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.