Gilafjellet (09.10.2021)


Characteristic Hillwalk
Duration 5h 05min
Distance 14.7km
Vertical meters 814m
GPS
Ascents Gilafjellet (1,582m) 09.10.2021 13:49
Tangefjellet (1,570m) 09.10.2021 14:33
Krukknappen (1,565m) 09.10.2021 15:23
Geiteknappen (1,545m) 09.10.2021 15:55
Visits of other PBEs Gilafjellet Syndinparkering (939m) 09.10.2021 12:07
Gilafjellet fra nord sti begynner (965m) 09.10.2021 12:12

Det var meldt skya ver, men ein god varm haustdag i stølsområdet ved Syndin i Valdres. Då freista det på nytt å trille over Filefjell etter det vellukka besøket til Grindane med fleire sist helg. Denne gongen greidde eg å riste Marita laus frå systova, slik at eg hadde turfylgje. Samt ein freistnad på å syne henne noko av Valdresnaturen. Vi køyrde opp ved Ryfoss, og fann greitt fram til parkeringa mellom Nørdre og Midtre Syndin. Fin og tydeleg sti opp flanken mot fjellet. Fleire på tur oppover. For ein sogning er stigninga her veldig moderat. Lett å gå. Ein liten kneik frå sti-delet og opp, der eit skilt viste Kruk til venstre. Siste 700 meter mot toppen i grei ur. Etter skifte av kle, fann vi ut at vi skulle ta med ein liten topp til, Tangefjellet, før vi returnerte til Kruk. Fantastisk utsikt herifrå. I dag hadde eg med spegelrefleks-kamera, og knipsa flittig. Det er mest mobiltelefon-bilder frå Samsung 8 her, men eitt frå spegel-refleks kameraet. Ser du kva bilete det er ? Så bar det opp på den artige toppen Krukknappen. Ein skikkeleg visuel fjelltopp i mellom snillare terreng. Flott utsikt også herifrå. Så i lettgått terreng bort på Geiteknappen, før det bar nedover att. Frå denne siste toppen var det flott utsikt mot Grindane. Sjølv om det ikkje var solskinn i dag, så var det fine fargar og kontrastar. Tåkebeltet under oss medverka til god stemning i naturen. Kjem att til Valdres. Fleire fine fjell og toppar rundt om her.

Støls- og hytteområde ved Syndin-votn.
Støls- og hytteområde ved Syndin-votn.
Høgaste toppen på Gilafjellet.
Høgaste toppen på Gilafjellet.
Toppvarden med Geiteknappen og Grindane bakom.
Toppvarden med Geiteknappen og Grindane bakom.
På toppen Tangefjellet.
På toppen Tangefjellet.
Geiteknappen og Grindane bakom.
Geiteknappen og Grindane bakom.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.