Grindane (02.10.2021)


Characteristic Hillwalk
Duration 2h 53min
Distance 9.5km
Vertical meters 675m
GPS
Ascents Grindane (1,724m) 02.10.2021 12:48
Vest for Grindane (1,564m) 02.10.2021 13:35
Visits of other PBEs Grindane parkering (1,195m) 02.10.2021 11:36
Grindane - utsiktspunkt ved kløft i vest (1,605m) 02.10.2021 13:25

Endeleg var det klart for tur til Grindane. Har vore på lista lenge. Men det er så mange fjell som skal opplevast. Men berre køyreturen opp frå Vang og innover her var mektig. Store vidder mellom dei svære blokkene av nokon fjell-kolossar, som er strødd rundt om. Det er alltid kjekt å komme til nye fjell, og utforske nye område. Sidan eg har fått litt gratis på Vang-lista, då eg er frå Lærdal, og vi har ein del grensefjell, så må det plukkast fleire. Turen var nydeleg. Fin oppvarming å gå kjapt innover flatene til fjellfoten. Fin sti opp til skaret, og mindre bratt en eg er vand med. Fint høgt gjerdeklyv, før ein dreia til høgre og tok tak på sjølve Grindane hovud-fjellet. Fint, og passe bratt, med gode vardar og sti. Toppen kom raskare på enn venta, 1:12 etter eg forlet parkeringa. Utsikta her oppe kan ta pusten frå ein. Her skal eg opp fleire gonger, og bruke tida. Nyte å ta fleire bilete. På retur gikk eg opp til toppen "Vest for Grindane". Heldt inntil gjerdet, og godt ute mot ryggen, skrådde under ein fjellskrent, og fann ei naturleg rute opp. Fin utsikt her og, om ikkje så ekstremt som på hovud-toppen. Retur ned att same veg, over gjerdeklyvet og på sti nedatt til bilen. Tok så ny tur i motsatt retning der bilen var parkert. Sjå beskrivelse av turen til Smådalsfjellet.

Hovud-toppen Grindane litt etter turstart.
Hovud-toppen Grindane litt etter turstart.
Topp-vardane med Helin.
Topp-vardane med Helin.
Stortoppane over 2000 har fått godt med snø. Kraftig zoom.
Stortoppane over 2000 har fått godt med snø. Kraftig zoom.
Grindane i fin profil sett frå oppstininga til Vest for Grindane.
Grindane i fin profil sett frå oppstininga til Vest for Grindane.
Varden på Vest for Grindane.
Varden på Vest for Grindane.
Bergsfjellet med Skakadalen i mellom.
Bergsfjellet med Skakadalen i mellom.
Grindane teke ved tur-slutt.
Grindane teke ved tur-slutt.

User comments

  • -
    avatar

    Vang

    Written by PeakFloyd 04.10.2021 21:12

    Grattis med flott tur i Vang Einar. Si i fra neste gang du vil dit, så blir jeg kanskje med. Flotte bilder forresten.

    • -
      avatar

      Sv: Vang

      Written by Esone 04.10.2021 22:47

      Nydelege fjell. Lyt plukke litt innimellom. Treng gjerne turfylgje og råd på nokon av turane. Særleg toppar som eigna seg for skitur vinterstid. Då er det godt med bistand frå lokalkjende. Vennis-fjellet på ski t.d.

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Vang

        Written by PeakFloyd 05.10.2021 18:59
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.