Storehaugen og utsikten. (26.09.2021)


Characteristic Hillwalk
Duration 2h 23min
Distance 6.7km
Vertical meters 917m
GPS
Ascents Storehaugen (908m) 26.09.2021 13:33

Motbakke-trening i nærområdet. Denne ruta nytta eg regelmessig for nokre år tilbake, og i ein 10-årsperiode førut. Då som motbakketrening, i tida eg deltok litt i mosjonsløp i motbakker og på sykkel. No blir det meir fjell- og toppturar, og i litt lægre tempo. Gikk ned til flaggstanga ved varden. Den ligg eit par hundre meter vest frå toppen av Storhaugen. Der er nydeleg utsikt ut fjorden. Og ein får fugleperspektiv på Lærdalsøyri, nesten 900 meter rett ned. I dag brukte eg 1:15 i greitt treningstempo. Manglar 15 % på kondisen. Det lyt trenast jamt i motbakke-løyper skal ein halde oppe tempoet. Det var no godt å presse seg litt, etter gamalt. Merkar framleis til fotskaden, som nok har redusert kapasiteten noko i sommar. Flotte haustfargar, og fin temperatur å trene i.

Storehaugen.
Storehaugen.
Utsikten med varden og flaggstanga.
Utsikten med varden og flaggstanga.
Lærdalsøyri frå utsikten vest for Storehaugen.
Lærdalsøyri frå utsikten vest for Storehaugen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.