Stetinden (03.08.2021)


Characteristic Hillwalk
Duration 6h 35min
Distance 12.9km
Vertical meters 764m
GPS
Ascents Søre Stetinden (1,985m) 03.08.2021 15:50
Stetinden (2,020m) 03.08.2021 16:28
Stetinden Sørtoppen (1,960m) 03.08.2021 16:28
Visits of other PBEs Leirvassbu parkering (1,410m) 03.08.2021 13:06

Køyrde frå Lærdal kl. 9:50 i Polestaren fullada med vasskraft. Ca. 2:15 i køyretid. Tok oss tid til ein stopp på Sognefjellshytta, og litt stopp for fotografering på veg opp Leirdalen. Litt mat og førebuing, så luffa vi inn anleggsvegen ca. kl. 13. Greitt med start-etappe på grusveg, sjølv om det etter kvart blir litt kjedeleg. Tok av og inn på stien som ledar til brekryssinga over Smørstabbrea etter 2,5 km. Ikkje lenge på stien her, så tek det pålag ein sti opp mot steinørkenen. Greitt å finne ei grei lei opp. Lese terrenget, litt på kryss og tvers, og skjeldan rett på. Store steinblokker, sva og seinur, av ulik størrelse og valør på veg til topps. Når ein går ut på svablokkene like før Søre Stetinden, heilt mot stupet mot Tverrbytnede, (mot Storebjørn) får ein rette Stedinden i veldig flott profil. Får fram den loddrette vest-veggen. Frå Søre Stetinden er det ei litt smal egg bortover, så ur ned i skaret. Opp mot Stedinden er det lurt å halde egga. Elles gir det det seg sjølv. Ein skal opp. Nokon vardar kan også vere til hjelp undervegs. Når ein går slik bort egga, og ned mot skaret, ser Stetinden relativt bratt, og luftig ut. Men fjellet legg seg, som det heiter. Eit par brattare opptak, og ikke særleg luftig, sjølv om det på avstand såg slik ut. På toppen er det flatt, og god plass til mange. Vi var aleine på toppen. Sidan vi starta seint fekk vi dette privilegiet. Vi møtte mange folk på veg ned, då vi gikk opp. På toppen var det berre å sjå og sjå, og nyte dei flott ville fjella. Toppar, runde, spisse, med og utan brear. Breane er forresten fantastisk å sjå. Kva om Bjørnebrean som fyller magen til Storebjørn forsvinner ? Det vil vi ikkje. Takk for ein fin tur i lag med Marita.

Stetinden.
Stetinden.
Stedinden sett frå litt under Søre Stetind.
Stedinden sett frå litt under Søre Stetind.
Gravdalstinden, Søre Smørstabbtindar og Sandelvbrean. Del av Surtningstinden nærast til venstre.
Gravdalstinden, Søre Smørstabbtindar og Sandelvbrean. Del av Surtningstinden nærast til venstre.
Smørstabbtindane.
Smørstabbtindane.
Frå mot toppen av Stetind. Vi ser over på Storebjørn.
Frå mot toppen av Stetind. Vi ser over på Storebjørn.
Blid kar på Stedinden.
Blid kar på Stedinden.
Stedinden.
Stedinden.
Retur mor søre (låg bildekvalitet grunna delt fil).
Retur mor søre (låg bildekvalitet grunna delt fil).
Ryggen tilbake til Søre Stetinden.
Ryggen tilbake til Søre Stetinden.
Mot Leirvassbu, og Kyrkja (låg bildekvalitet grunna delt fil).
Mot Leirvassbu, og Kyrkja (låg bildekvalitet grunna delt fil).

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.