Einar på Einar-toppar, litt Nils og Grånos (30.07.2021)  5


Characteristic Hillwalk
Duration 7h 05min
Distance 23.5km
Vertical meters 1,140m
GPS
Ascents Grånosi (1,720m) 30.07.2021 12:35
Borgundseinaren (1,698m) 30.07.2021 13:22
Sør for Borgundseinaren (1,687m) 30.07.2021 13:40
Lærdalseinaren (1,715m) 30.07.2021 15:07
Nilsnosi (1,678m) 30.07.2021 16:33

Fin tur i Lærdalsfjella. Køyrde anleggsvegen inn Råsdalen, og opp Øydalen. Det er store avstandar i fjellet her, så anleggsvegen er til stor hjelp for friluftsfolk. Krev betaling i form av kjøp av fiskekort hjå fjellstyret. Bom i Øydalen. Gikk inn ved Finnabuvatnet, og vidare opp mot Fleskevotni. Det blei litt av og på sti/trakk, sidan eg aldri har gått i dette terrenget før. Skrådde opp mot Grånosi før eg kom til Øvre Fleskevatn. Gikk ganske rett på. Toppa etter 2:05. Litt kjappere enn venta. Åt eit par skiver, og heldt fram mot Borgundseinaren. Ca 45 min. dit. Nydelege vatn her oppe, svært klåre med djup blåfarge. Tok med ein liten topp til med varde på, men den var ikkje namnsett. Har sett namnet Borgundseinaren sør på den, og registrert i Peakbook.org som 70 pmf. Våga ikkje å ta toppen over fylkesgrensa, då det hadde vorte ca. 3 km lengre. Og eg har framleis ei tå som ikkje er heit lega etter forstuinga for tre veker sidan. No vart det transport-etappe mot Lærdalseinaren. Veldig greitt å orientere seg i fjella her i klårver. Grånosi, Lærdalseinaren og Nilsnosi, pluss votni viser veg. Var litt spent på avstand og manøvreringa mellom småvatn og småtoppar. Fann ei god rute. I dag nytta eg Peakbook App med nedlasta offline-kart. Fungerte bra. Hadde også med ein ny GPS, og som var god å ha når eg skulle ta ut kurs, samt manøvrere mellom votni. Frå Borgundseinaren til Einar stod på Lærdalseinaren, tok det 1:40. Var då også innom "nye-toppen" med varde. Dette gikk raskare enn forventa. Litt mat og foto her, og tid til å ta inn fjellområda. Fantastisk område. No var det å stake kursen mot Nilsnosi. Som sikkerheit grunna lite kunnskap om storleik på elveosar, gikk eg nedatt frå Einaren, slik at eg kom på rett side av Einarsvarnet mot Nilsnosi. Gikk fint dette og. 1:25 til Nilsnosi. Fleire brødskiver måtte til no. Retur til bilen på 1:05. Sette meg ikkje ned på turen, men ein del fotopausar, og tid å drikke og kike. Sauene i fjellet var selskapssjuke. Helsa på fleire undervegs. Nokon følgde meg langt nedover. Ikkje tale om å sleppe eller snu. Sette ned farten for sikkerheits skuld. Lurte dei til slutt ved å gå på hi side av ein haug. Ualminnelig stilt i fjellet etter at reinen er borte. Det er litt trist. Elles, ein superfin dag i ukjent terreng for meg.

Øvre Fleskevatnet.
Øvre Fleskevatnet.
Mot Grånosi.
Mot Grånosi.
Frå Grånosi mot Borgundseinaren.
Frå Grånosi mot Borgundseinaren.
Borundseinaren.
Borundseinaren.
Borgundseinaren sør.
Borgundseinaren sør.
Einar på Borgundseinaren sør.
Einar på Borgundseinaren sør.
Lærdalseinaren.
Lærdalseinaren.
Skavlevatnet.
Skavlevatnet.
Lærdalseinaren.
Lærdalseinaren.
Einar på Lærdalseinaren.
Einar på Lærdalseinaren.
Einarsvatnet mot Nilsnosi.
Einarsvatnet mot Nilsnosi.

User comments

  • -
    avatar

    Einarn

    Written by PeakFloyd 30.07.2021 22:15

    Bra tur dette Einar. Flotte bilder, uten all snøen. Har du ikke lasta ned kart på forhånd tidligere?

    • -
      avatar

      Sv: Einarn

      Written by Esone 30.07.2021 22:19

      Nett ferdig med den skriftlige rapporten no. Finfin dag. Nei eg må innrømme at eg har navigert ein del i blinde. Kjenner jo til funksjonen. Skal gjere det til vane frå no av. Tek med GPS når eg er i ukjendt terreng. Såg at de har vore i Dovrefjella. Vakkert der.

    • -
      avatar

      Sv: Einarn

      Written by Esone 30.07.2021 22:35

      Du hadde vel strengt tatt berre kommentert andre sin tur til Storskrymten.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.